Kvinner på forskingstoppen i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I motsetnad til mange andre stadar var det ved Høgskulen i Volda to kvinner som scora høgst poengsum i forskingspublisering ved siste rapport. Begge gav ut både bok og to artiklar i 2018.

Professor Marie Nedregotten Sørbø låg på publiseringstoppen (10 poeng) med ei bok om litterær omsetting, nærare bestemt ei gransking av dei norske versjonane av Jane Austen sine romanar (Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation, Brill).

Jane Austen

Dessutan gav ho ut ein artikkel i tidsskriftet Women’s Writing (på Routledge) der ho samanlikna kva som skjer med Austen sin skarpe ironi i høvesvis film- og omsette versjonar (‘Interpretations of Jane Austen’s Irony on Screen and in Translations’. Denne artikkelen ligg tilgjengeleg på nettet, og er pr i dag den meste leste artikkelen i dette nummeret (med 357 lesingar).

Det tredje vitskaplege arbeidet hennar handlar om den norske pioner-diktaren Dorothe Engelbretsdatter som levde på siste halvdel av 1600-talet. Artikkelen viser korleis ho måtte slåst for status og kall (‘Fighting for her Profession: Dorothe Engelbretsdatter’s Discourse of Self-Defence’).

Førsteamanuensis Anemari Neple kom på andreplass (7 poeng) med boka En annen verden. Ro og refleksjon i Tor Ulvens forfatterskap (Gyldendal). Ho gav også ut artikkelen «The Problem Without a Name? Exploring Norwegian Popular Feminism of the 1950s through Reader’s Letters Columns in Alle kvinners blad (med Synnøve Lindtner, Labrys, estudos feministas), og skreiv om Gunvor Hofmo i Norsk Litterær Årbok (‘Og jeg reiser meg …’).   

I tillegg har begge skrive fleire formidlingsartiklar i ulike organ, og halde foredrag på konferansar og seminar.

Marie Nedregotten Sørbø og Anemari Neple. Begge arbeider ved Institutt for språk og litteratur, og har litteratur som fag, Sørbø på engelsk og Neple på norsk. Dei representerer den lange og rike Volda-tradisjonen for humaniora-forsking og undervisning.

Del på