Lærarutdanningsmiljøet vert digitale spydspissar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har fått 13,6 millionar kroner til digitalisering av grunnskulelærarutdanninga. – Ei sterk tillitserklæring til fagmiljøa våre, meiner dekan Arne Myklebust.

Av 11 prosjekt frå 10 høgskular og universitet i landet er Høgskulen i Voldas eitt av fem utvalde. Det betyr at høgskulen får 13,6 millionar kroner over tre år, i tillegg er det kalkulert med midlar til investering i utstyr samt fylgjeforsking i prosjektet.

Framtidsretta studentar

Prosjektet skal vere med på å gi grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen i Volda (HVO) ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kunnskap er ein naturleg del i alle fag.

– Det skal dei få gjennom at dei tilsette som underviser ved høgskulen skal auke sin digitale kompetanse og vere trygge og bevisste på pedagogisk bruk av digitale ressursar og didaktikk i eiga undervisning. Dei skal også vere delaktig i utvikling av nye digitale didaktiske løysingar, fortel koordinator for søknaden Ole Frank Bakken.

I prosjektet vil ein ha tett samarbeid med praksisfeltet, for å vere med på å digitalisere skulane i regionen. Dei næraste samarbeidspartnarane i prosjektstarten vil vere Volda og Ulstein kommune.

Sterkt signal

Høgskulen vann for få dagar sidan også fram i konkurransen om midlar til eit forskingsprosjekt om bruk av nettbrett i skriveopplæringa i skulen. Dette prosjektet har ei ramme på 12,5 millionar kroner, så på få dagar har Høgskulen i Volda fått prosjektmidlar på ca. 25 millionar kroner til å utvikle framtidas skule. Dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust meiner det er ei svært viktig tildeling:

Dette er viktige midlar for høgskulen, for regionen og nasjonalt.

Digitaliseringsprosjekt GLU
Frå venstre: Koordinator for søknaden, Ole Frank Bakken, dekan ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, studieleiar grunnskulelærarutdanninga, Oddvar Aalde og prosjektleiar for prosjektet og seksjonsleiar digital kompetanse i læring, Synnøve H. Amdam.

– Digitalisering kjem til å sette eit sterkt preg på den faglege aktiviteten vår i åra som kjem, og når vi vinn nasjonale midlar i den eine konkurransen etter den andre så er det ei sterk tillitserklæring til fagmiljøa våre om at vi både har vilje og evne til å utdanne framtidas lærarar. Dette er eit sterkt signal frå ein liten høgskule om fokus på kvalitet, digitale løysingar og om vilje til å satse på å utdanne dyktige lærarar for framtida, meiner Myklebust.

Byggjer på erfaringar

Prosjektleiar Synnøve H. Amdam ved HVO har arbeidd mykje med søknaden og ser fram til å få prosjektet i gang.

– Eg trur vi vann fram fordi vi har laga ein søknad som byggjer på erfaringane vi har fått i pilotprosjektet i lag med Ulstein kommune der vi er midt inne i eit prosjekt der vi vidareutdannar lærarar, seier Amdam.

Prosjektet i Ulstein kom i stand etter initiativ frå Ulstein kommune og har også fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune i tillegg til at Høgskulen i Volda har brukt interne ressursar til prosjektet.

– Dette viser at eit regionalt spleiselag faktisk kan få nasjonal betyding, seier prorektor Jens Standal Groven.

Del på