Lansering

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Maalsak og Vantru høyrer i hop som Samsystkin.” Det skreiv ein framståande teolog i 1893. Men fleire og fleire song salmar på landsmål, og i 1907 godkjende regjeringa ein nynorskversjon av gudstenesteliturgien. Denne boka fortel korleis det norske folkespråket trengde seg inn i kyrkja. Nasjonale og lokale diskusjonar vert presenterte, og lesaren får innsyn i ein sentral og spennande del av norsk kultur- og språkhistorie.
 
Framstillinga er for det meste kyrkjehistorisk, men eit hovudkapittel går nøye gjennom den fyrste landsmålsomsetjinga av Det nye testamentet. Der handlar det om korleis ord og uttrykk i den greske grunnteksta best skulle attgjevast på norsk.
 
Heile eller delar av boka vil vere aktuell som pensum innafor både norsk språk-, kyrkje- og meir generell kulturhistorie. Samstundes er ho skriven for ei breiare målgruppe. Språkføringa og framstillingsforma er tilpassa allment interesserte lesarar.

9f020ba0832aec69815980b8efa030185b7bf1cf
 
Per Halse er teolog med utdanning også i historie og pedagogikk. Sidan 1991 har han undervist i kristendomskunnskap ved Høgskulen i Volda, og han har doktorgrad frå Universitetet i Oslo på avhandlinga som her kjem i bokform.


Lansering


Per Halse: Gudsord og folkemål. Då nynorsken vart kyrkjespråk
Kyrkjefag Profil 16. Tapir Akademisk Forlag 2011

Tid: torsdag 26. mai kl. 12.00
Stad: Rom 158, Berte Kanutte

Program
Ralph Meier: Introduksjon
Per Halse: Frå stabbur til sakristi. Miniførelesing over boka
Samtale og spørsmål

Del på