Leik og lær om trening og helse

Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda handlar i år om helsa di. Du kan mellom anna ta med barna på rørsleleik og lære om korleis trening hjelper både hjernen og kroppen!

Forskarbrørne Høydal ved HVO.

Ein joggande førsteamanuensis Øyvind Høydal får oksygenopptaket sitt målt av professor Kjetil Høydal. Under Forskingsdagane skal forskarbrørne dele kunnskap om hjernen, trening og helse onsdag 25. september. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda handlar i år om helsa di. Du kan mellom anna ta med barna på rørsleleik og lære om korleis trening hjelper både hjernen og kroppen!

Kvart år går festivalen Forskingsdagane av stabelen over heile landet. Årets festivaltema er helse, og 19.–26. september inviterer Høgskulen i Volda (HVO) nysgjerrige sjeler i alle aldrar til eit tjuetal gratisarrangement.

  • Sjå heile programmet for Forskingsdagane 2024 ved HVO her.

Fagområda innan helse er mange, og temaet angår oss alle heile livet. Eitt perspektiv er helsefordelane ved å vere aktiv, og dette er utgangspunktet for to arrangement i Volda for høvesvis små og store:

  • Rørsleleik for barn: laurdag 21. september kl. 11–13 (Idrettsbygget)
  • Hjernen, trening og helse: onsdag 25. september kl. 18–19 (BK161 i Berte Kanutte-huset)

Vil du vite meir om kva dette går ut på, er det berre å lese vidare!

Eli-Karin Sjåstad Åsebø.
Førsteamanuensis Eli-Karin Sjåstad Åsebø med kollegaer inviterer til rørsleleik for barn (særleg i alderen 4–7 år) i idrettsbygget ved høgskulen laurdag 21. september under Forskingsdagane. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Rørsleleik for barn

 – Her skal ungane få henge og slenge og hoppe og krype og springe og herje, utan at det er noko organisert.

Førsteamanuensis Eli-Karin Sjåstad Åsebø viser oss entusiastisk rundt i ein stor gymsal full av moglegheiter. Under Forskingsdagane blir Idrettsbygget ved høgskulen forvandla til ein arena for aktiv leik mynta på barn rundt 4–7 år. Denne aldersgruppa har færre organiserte fritidstilbod, men får desto meir ut av frileik i eit tilrettelagt rørslemiljø.

– Vi lagar til eit spennande rørslerom med mykje utstyr. Det blir eit variert og innbydande leikeområde som stimulerer dei grunnleggande bevegelsane hos barna ut frå kva føresetnader dei har, forklarer ho.

Foreldra må vere med og passe på ungane sine under arrangementet.

– Skal dei vaksne klare å henge med, blir det nok litt rørsle på dei òg, smiler arrangøren lurt.

Tore Sørheim og Eli-Karin Sjåstad Åsebø.
HVO-kollegaene Tore Sørheim og Eli-Karin Sjåstad Åsebø gler seg til å forvandle Idrettsbygget til ein arena for spennande rørsleleik under Forskingsdagane. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Viktig helsegevinst i skjermsamfunnet

Mange barn har ein meir stillesitjande oppvekst i dag enn før skjermsamfunnet, men Helsedirektoratet sine råd er klare: Aldersgruppa 6–17 år bør vere fysisk aktive i minst 60 minutt i snitt per dag, med moderat til høg intensitet.

– Barna bør få bruke heile kroppen og jobbe med både koordinasjon og fysiske eigenskapar. Risikoleik er også god trening i det å kjenne på og meistre utfordringar, seier Sjåstad Åsebø.

– Det handlar om helse og motorisk utvikling, men også den kognitive utviklinga deira, legg høgskulelektor og medarrangør Tore Sørheim til.

Har du barn mellom 4 og 7 år, er det altså berre å pakke med seg innesko og drikkeflaske og leggje turen til Idrettsbygget på festival-laurdagen.

– Rørsleleiken passar for alle i aldersgruppa, uansett fysisk ferdigheitsnivå. Det er også ei fin moglegheit for foreldra til å sjå ungane utfalde seg i eit utfordrande rørslemiljø – og så blir det ein kjekk sosial arena for både store og små, seier arrangørane, som gler seg til å ta imot mange leikne barn under Forskingsdagane.

Hjernen, trening og helse

Under golvet barneføtene skal tromme på, skjuler det seg ein spennande lab med treningsutstyr og teknologi. Her møter vi arrangørane av «Hjernen, trening og helse» under Forskingsdagane, professor Kjetil Høydal og førsteamanuensis Øyvind Høydal.

Forskarbrørne jobbar ved institutta for høvesvis idrett og friluftsliv og realfag på HVO. Under forskingsfestivalen skal dei dele oppdatert kunnskap om korleis trening påverkar helsa vår – både kroppen og hjernen.

– Vi vil også demonstrere dette praktisk med måleinstrument på ein syklist for å vise kva treningsintensitet som gir best helseeffekt, og ta føre oss hjernehelse, som heng saman med uthald og oksygenopptak, det folk flest kallar kondisjon, fortel Kjetil Høydal.

Kva er samanhengen mellom trening og hjernehelse?

– Det ein ser meir og meir gjennom forsking, er ei klar kopling mellom fysisk helse og hjernehelse. Til dømes viser demensforsking at trening er noko som bidreg til å både forhindre og bremse sjukdommen på eit tidleg stadium, forklarer Øyvind Høydal.

– Når det gjeld mental helse, til dømes depresjon og angst, finst det stadig meir data som tyder på at trening hjelper og bør vere ein del av eit behandlingsregime, legg han til.

HVO-forskarane fortel at vitskapen framleis ligg eit hakk framfor helsevesenet i det å ta trening inn i behandling, men ting skjer – særleg for lidingar som diabetes og hjartesjukdommar.

Øyvind og Kjetil Høydal ved HVO.
Førsteamanuensis Øyvind Høydal og professor Kjetil Høydal er opptekne av at helsevitskapleg forsking både blir formidla og implementert. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Eit aktivt liv for deg sjølv og fellesskapet

I tillegg til trening skal dei to forskarane ta føre seg ein populær trend du garantert anten har prøvd eller høyrt andre bli hekta på: kalde bad og badstue. For korleis påverkar desse aktivitetane helsa?

– Det er mykje hype om dette for tida, men vitskapen er ikkje så veldig klar på effekten enno. Derfor kan vi tenkje oss å forske på kva bruken av kalde bad og badstue kan ha å seie for mental helse, og kva fysiologiske endringar vi eventuelt kan påvise, kan Øyvind Høydal avsløre.

Det er mykje snakk om trening spesielt blant unge. Kan det bli for mykje av det gode?

– Det kan absolutt bli for mykje. Trening er positivt, men utviklar det seg til at ein til dømes aldri blir fornøgd med eigen kropp, har det snudd til noko negativt, som også er eit viktig forskingsfelt innan trening, seier Kjetil Høydal.

Dei to understrekar at det er stor nytte i å få formidla breitt ut til vanlege folk den forskinga som finst på trening og helsevitskap.

– Det er svært viktig for samfunnet at folk kan klare seg sjølve lengst mogleg i livet, at dei har uthald og styrke til å bu heime lenge. Kvar enkelt av oss gjer dermed også ein samfunnsnytte ved å prioritere god helse – i tillegg til at samfunnet må leggje til rette for det, seier Kjetil Høydal.

Øyvind Høydal samstemmer:

– God helse inneber også at kvar og ein av oss har det godt med oss sjølve, og då tek vi kanskje også betre val som samfunn. Dersom vi ved å formidle helsevitskapen kan bidra til at folk gjer meir av det som er bra for dei, og at forskinga faktisk blir implementert, er det veldig fint.

Forskingsdagane 2024: opne og gratis arrangement for alle

Forskingsdagane 2024.
Forskingsdagane 2024. Illustrasjon: Forskingsrådet.

Laurdag 21. september blir det altså rørsleleik for dei små i Idrettsbygget, og onsdag 25 september kan unge vaksne, vaksne og eldre vere med på «Hjernen, trening og helse» i det store auditoriet (BK161) i Berte Kanutte-huset.

Kanskje barna kan inspirere deg til å utforske ein meir aktiv kvardag for helsa sin del?

Ta turen på Forskingsdagane og lær meir om dette og mykje anna – alle arrangementa er gratis og opne for alle!

  • Fleire detaljar om alle arrangementa finn du i festivalprogrammet her.

Del på: