«Literature and History: Nordic Angles»
Prosjektet «Literature and History: Nordic Angles» utforskar den gjensidige samanfiltringa av litteratur og historie som har føregått mellom engelsktalande og nordiske land over tid. Prosjektet startar med ein workshop i mai.
Målet er å bidra til to akademiske interesseområde: samspelet mellom nordisk og engelskspråkleg historie og kultur, og dynamikken i forholdet mellom litteratur og historie.
WORKSHOP I MAI
Workshopen 30.-31. mai vil samle forskarar frå ulike disiplinar, hovudsakleg litteratur, teatervitskap, områdestudium, historie og samfunnsvitskap, frå HVO og andre institusjonar. Det primære målet for prosjektet er å samle forskarar som arbeider innanfor ulike institusjonar og ulike felt for å utforske og starte relasjonar mellom prosjektdeltakarane sine forskingsinteresser.
Seminaret er ope for alle. Ver vennleg å send ei påmelding til giuliano.damico@hivolda.no
Prosjektet er leia av førsteamanuensis i nordisk litteratur Giuliano D'Amico og førsteamanuensis i engelsk litteratur Timothy Saunders.