Litteraturhuset: Temadag om jødeutrydding, antisemittisme og kyrkja si rolle

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

«Mens gettoen brant» (Ura forlag) er ein sjølvbiografi frå ei jødisk ungdomstid i Polen av den verdskjende barnelegen Alina Magolis-Edelmann). Den andre boka er «Dømmekraft i krise. Holdninger i kirken til jøder, teologi og NS under krigen»  av Torleiv Austad, Ottar Berge og Jan Ove Ulstein (Akademika forlag).

293e4fc8c5fb0029b0d726e5ebd33a50b57953e1

Dosent Jan Ove Ulstein.

Den første boka gir nærkontakt med verkelegheita under jødeutryddinga. Den andre gjeld først og fremst eit bilde av nazismen og teologien, og korleis kyrkja handterte jødespørsmålet.  Perspektiva blir utvida til kva som skjedde etter krigen, både i Polen og i Norge – med eit underliggande spørsmål: kan vi lære noko av historia? Det blir tema for ein avsluttande panelsamtale. Eitt av spørsmåla er om kyrkja skal be jødane om orsaking for passivitet under krigen. Er her gryande antisemittisme i Norge i dag?

Program

12.00 – 13.30: «Mens gettoen brant», «Dømmekraft i krise?»

Presentasjon av boka om Alina Margolis-Edelman si ungdomstid i Warszawa, med dokumentarfilm om henne. Fokus: nærbilde av jødeutryddinga i det okkuperte Polen (delvis på engelsk)
Ved Ingunn Eltvik (venn og omsetjar), Michal Szymanczak (venn med forord), Wlaź Aureliusz (den polske ambassaden) 

14.00 – 15.30: Krigserfaringane: Dømmekraft i krise?

Jan Ove Ulstein: Kva stod på spel? Om nazisme, teologisk blindsone og Endlösung
Torleiv Austad: Sviktet kirken jødene under krigen?
Bjarte Bruland: Og etter krigen?

16.00 – 17.15: Utblikk og nærsyn

Atle Sommerfeldt: Kirken, jødene og antisemittismen
Michal Szymanczak: How did the Polish people, and the Church, react after the War? Some perspectives

18.00 – 19.30 Kan vi lære noko av krigen?

Panelsamtale om antisemittisme, då og no, inklusiv kyrkja si rolle
Med Torleiv Austad, Bjarte Bruland, Johan Vilhelm Eltvik, Atle Sommerfeldt, Vibeke Moe

Dei medverkande:

Torleiv Austad, professor emeritus ved Det teologiske Menighetsfakultet
Wlaź Aureliusz, kulturattasjé ved Republikken Polens Ambassade
Bjarte Bruland, fagleg leiar ved Jødisk museum Oslo
Ingunn Eltvik, omsetjar
Johan Vilhelm Eltvik, generalsekretær i YMCA World
Vibeke Moe, forskingsrådgivar, HL-senteret
Michal Szymanczak , Senior Executive Secretary,  EAY (europeisk KFUM)
Atle Sommerfeldt, biskop i Borg, tidlegare generalsekretær i Kirkens Nødhjelp
Jan Ove Ulstein, dosent, Høgskulen i Volda

Arrangør: Høgskulen i Volda, i samarbeid med Akademika forlag og Ura forlag. Med støtte frå Fritt Ord


 

Del på