Livslang læring for omstilling og konkurranseevne

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Som regional og nasjonal kompetanseleverandør tilbyr Høgskulen i Volda ei rekkje fleksible studietilbod på nett og deltid som møter kunnskaps- og kompetansebehova på fleire sentrale samfunnsområde. Du kan no søkje opptak til studium med oppstart våren 2020.  

Livslang læring

Endringar i arbeids- og samfunnslivet skaper eit behov for å lære heile livet. Fleksibel utdanning betyr at studenten har ei stor grad av valfridom når det gjeld kvar, når og korleis læringsaktivitetane vert gjennomførde. Livslang læring skjer fleksibelt, kontinuerleg gjennom heile livet og medan ein er i jobb.

Teknologi og organisering

Ei sentral målsetting for Høgskulen i Volda (HVO) er å vere i front når det gjeld å utvikle slike fleksible utdanningstilbod. I dette biletet er bruk av ny teknologi viktig. HVO har lagt ned store ressursar i å utvikle infrastruktur og kapasitet til å tilby studietilbod der all undervisning skjer over nettet. Eit eige studio er sett opp for å lage undervisningsvideoar spesielt for nettstudentane. Ein ny milepåle vart nådd då styret ved HVO nyleg godkjente eit nytt nettbasert bachelorprogram i historie, det første av sitt slag i Noreg. Over 1000 studentar ved HVO er knytt til reine nettstudium.

Emne i masterutdanningane

Dei fleksible studietilboda i våropptaket er i hovudsak retta mot søkjarar som arbeider i sentrale samfunnsområde som skule og utdanning, kultur, planlegging og leiing, språk og litteratur, journalistikk og media og helse- og sosial. Mange av studietilboda som det no vert opna for opptak til, er emne i ulike masterutdanningane ved høgskulen.

Masteremne som startar i vårsemesteret

  • Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501
  • Leiing og åtferd
  • Meistring og myndiggjering, strukturperspektivet
  • Offentleg leiing og kommunikasjon
  • Prosessleiing og prosjektdesign
  • Skule, religionsmangfald og sekularisering
  • Undersøkende journalistikk
  • Documentary Photography
  • Matematikk
  • Norsk
  • Politikk, folkehelse og livsløp - Samhandling
  • Risk Communication and Issue Management
  • Tiltak mot rusproblem
  • Utvikling og læring i barnehage og skule

Meir informasjon her.

 

Kommunikasjon og krisehandtering

Eit slikt masteremne er Risk Communication and Issue Mangagement (MMP311, 15 studiepoeng). Emnet inngår i Master in Media Practices og undervisninga skjer på engelsk med samlingar i Volda.

– MMP311 høver godt for journalistar, kommunikasjonsfolk, beredskapsrådgjevarar, personar med ansvar i kriseleiing og personar i konsulentbransjen. Det faglege innhaldet er risikokommunikasjon, samfunnsberedskap, krisehandtering og kriseleiing. Studentane våre jobbar gjerne i politi og helsevesen og mange har tryggleiks- og beredskapsroller i kommunar, fylkeskommunar og andre statlege institusjonar. I løpet av studiet gjennomfører vi ei større kriseøving for ein ekstern organisasjon der studentane ei reell praktisk øving, og fleire skriv oppgåver basert på denne erfaringa, seier fagleg ansvarleg høgskulelektor Kristian Fuglseth ved Avdeling for mediefag.

Kombinere ulike masteremne

Fuglseth peikar på mogelegheita for å kombinere dette masteremnet med eit emne frå høgskulen sin master i samfunnsplanlegging og leiing.

Høgskulelektor Kristian Fuglseth ved Avdeling for mediefag peikar på mogelegheita for å kombinere ulike masteremne.

IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon (15 stp) er retta mot offentleg sektor men med god relevans for alle yrke der det er behov for kunnskap om samfunnet, strukturar og problemstillingar i organisasjon, leiing og offentleg kommunikasjon, seier han.

Del på