Meir samarbeid mellom Volda og Ørsta?

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Fagfolk ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Volda skal bidra i eit prosjekt der målet er at kommunane Volda og Ørsta skal vurdere om det er aktuelt med meir strategisk samarbeid mellom dei to kommunane. På fire samlingar fram til 2023 skal politikarane diskutere tema som regionutvikling, dei folkevalde si rolle, innbyggarmedverknad, stadidentitet, livsløpsperspektiv og sosial berekraft.

– Prosjektet vart til ved at kommunedirektørane i dei to kommunane kontakta Høgskulen i Volda (HVO) med tanke på eit samarbeid om berekraftig samfunnsutvikling i Volda og Ørsta, seier prosjektleiar og dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie Randi Bergem.  

Randi Bergem
Dekan Randi Bergem.

Bergem fortel vidare at rolla til HVO  vil vere å førebu og presentere eit fagleg innlegg til kvar av dei fire samlingane, og mobilisere til drøftingar rundt tema som er sentrale for at kommunane skal ha eit felles grunnlag for å vurdere meir samarbeid. Aktiviteten på samlingane vert organisert i form av verkstadar for folkevalde, kommunalsjefar, tillitsvalde mfl.

Grunnlagsnotat

Professor Finn Ove Båtevik ved ASH er hovudansvarleg for eit grunnlagsnotat som skal danne basis for samlingane, og for kommunane sine vurderingar av om dei eventuelt bør samarbeide meir. Notatet peikar på viktige trekk ved utviklinga i Volda og Ørsta, både som region og lokalsamfunn. Sentrale tema i notatet er Volda og Ørsta som region, demografi og sosiale forhold, regionen og lokalsamfunna.

I notatet utfordrar forfattarane professor Båtevik, professor Bjarte Folkestad, førstelektor Gro Bårdseth og dekan Randi Bergem lesaren med spørsmål som: Kva potensial for vidare utvikling i regionen ligg i Eiksundsambandet og Kvivsvegen? Kva potensial for vidare utvikling ligg i kompetanseinstitusjonane i regionen? Kva med rekruttering av kompetansearbeidskraft? Korleis skal kommunane hindre barnefattigdom og svekt sosial integrering? Korleis balansere ei god utvikling i samspelet mellom dei mindre lokalsamfunna i regionen og sentralaksen knytt til tettstadane Volda og Ørsta?

I tillegg til grunnlagsnotatet, har kommunepolitikarane også fått tilsendt filmar laga av Kommunikasjon ved HVO der innbyggarar i dei to kommunane kommenterer aktuelle tema i grunnlagsnotatet.

Folkevalde og innbyggarmedverknad

På oppstartsmøtet i Honndalshallen i Hornindal 7. oktober var dei faglege innlegga «Folkevald – rolle og ansvar» ved professor Bjarte Folkestad og «Medverknad» ved dekan Randi Bergem. Etterpå vart det diskusjon i grupper med oppsummering avslutningsvis av kommunedirektørane.

 

Del på