Motstand og dissens bak jernteppet

Professor Rolf Werenskjold har vore norsk representant og ein del av leiinga i europeiske forskingsprosjektet «Cost Action-NEP4Dissent (2017-2022)» i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST). Forskingsprosjektet med den fullstendige tittelen «New Exploratory Phase in Research on East European Cultures of Dissent» er no avslutta og sluttrapporten er klar.

Dissent

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Del på:

Professor Rolf Werenskjold har vore norsk representant og ein del av leiinga i europeiske forskingsprosjektet «Cost Action-NEP4Dissent (2017-2022)» i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST). Forskingsprosjektet med den fullstendige tittelen «New Exploratory Phase in Research on East European Cultures of Dissent» er no avslutta og sluttrapporten er klar.

European Cooperation in Science and Technology (COST) er finansiert av EU, og har som føremål å støtte forskingsnettverk og fremje forskingsframdrift og innovasjon. Ein COST-action er eit forskingsprogram der forskarar frå ulike land og disiplinar kjem saman for å forske på eit tema innanfor ei ramme på fire år.

Bak jernteppet

Motstand og dissens i det tidlegare sosialistiske Europa 1945-1989 utgjer eit spesielt kapittel i Europas nære fortid. Perioden omforma kontinentet som heilskap og gir enno viktige referansar for sosiale rørsler over heile verda.

Eolf W
– Å ta del i eit COST-nettverk er ein ypparleg måte å bidra med eiga forsking i ein internasjonal kontekst, seier Rolf Werenskjold som er professor i medievitskap ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

– Forskingsprogrammet «Cost Action-NEP4Dissent (2017-2022)» er no avslutta. I tillegg til å vere Forskningsrådets og norsk representant i leiinga for prosjektet , har eg også vore med å skrive sluttrapporten, fortel Werenskjold.

Norsk utanriksjournalistikk

I «Cost-Action NEP4DISSENT» har professor Werenskjold i hovudsak forska på korleis opposisjonen mot styresmaktene bak jernteppet har blitt omtala i norsk utanriksjournalistikk i løpet av den kalde krigen og i tida etter murens fall.

– Eg finn at den norske mediedekninga av dette har vore driven av folk med gode historiske kunnskapar om Sovjet og Aust-Europa. Journalistikken har vore meir kunnskapsrik enn det ein gjerne finn i andre vestlege land. Ein opplyst utanriksjournalistikk har vore viktig i avspenninga mellom aust og vest. Eg har også sett på korleis norsk presse har dekka dekka den opposisjonelle kulturen i det tidelgare Aust-Europa, seier professor Werenskjold som legg til at han saman med Hans Fredrik Dahl no er i ferd med å skrive historia om norsk utanriksjournalistikken.

Som eit døme på bidrag frå HVO-forskarar inn i NEP4DISSENT tar vi med samandraget av ein artikkel førsteamanuensis Burcu Peksevgen publiserte i i tidsskriftet: Global Media Journal TR Edition, 11 (21)

Czechoslovakia, Václav Havel and The Velvet Revolution

Abstract

Although the year 1945 meant the end of WWII for most of the world, it was also the beginning of a new period of struggle for East European countries. The significant place of Czechoslovakia in 20th century European history cannot be underestimated when we consider the pressure that Soviet Russia exerted on Eastern European countries during the Cold War period after 1945. Czechoslovakia’s resistance to Soviet oppression is multi-layered. This article will first present the restructuring of Eastern Bloc and the position of Czechoslovakia after the Cold War and then continue with the Prague Spring which was a result of emerging freedoms after the establishment of Writers’ Union. Next, the article will emphasize the importance of Velvet Revolution which considerably shaped by the dissident personality of Václav Havel during the ‘normalization’ period. Lastly, Turkey’s perspective on Václav Havel and the Velvet Revolution as a close neighbor to the Eastern Bloc countries will be examined in the news of Cumhuriyet Gazetesi between the years 1989-1990 by agenda-setting approach.

 

Kort om NEP4DISSENT

  • NEP4DISSENT involverte 320 forskarar, tildelte 100 stipend og resulterte i meir enn 40 publikasjonar og 20 forskingsprosjekt
  • Under COVID-pandemien greidde forskarane å flytte aktivitetane sine på nett, noko som viste seg å vere ein fordel med tanke på arkivering og formidling av arbeidet som ble utført
  • NEP4DISSENT eksponerte forskarar for digitale forskingsmetodar og opna for nytt samarbeid mellom forskarar og IT-folk
  • Programmet resulterte i fleire utstillingar som også bidrog til diskusjonar om dei etiske dimensjonane rundt framstillinga av perioden

Avdeling for mediefag

Fleire tilsette ved Avdeling for mediefag har i delteke på konferansar og seminar ved ulike austeuropeiske og sentraleuropeiske universitet: Førsteamanuensis Thomas Lewe, høgskulelektor Endre Eidsaa Larsen og førsteamanuensis Burcu Peksevgen.

Fleire arrangement i Volda

Professor Werenskjold fortel at fleire arrangement i programmet har blitt arrangert i Volda der fleire HVO-forskarar tok del.

– Eit seminar om austeuropeisk animasjon og film i Volda la grunnlaget for publiseringa av et eige spesialnummer i Historical Journal of Film, Radio and Television i 2021, seier Werenskjold.

Del på: