MULTIMODALITET: INTERNASJONALT FORSKINGSSEMINAR I VOLDA

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2444e70bc480837a3df362729fe12b88f2186285
Prosjektgruppa var samla på Høgskulen i Volda 31.januar. Bak frå venstre: Øystein Salhus, Henny Koppen, Magnar Åm og Kristian Wedberg. Framme frå venstre: Magne Espeland, Elizabeth Oltedal og dekan på Avdeling for kulturfag Aud Folkestad.

Dette er det sjette seminaret i regi av Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies. Tematikken vil ha stor interesse for forskarar og fagfolk frå både musikk og andre kulturfag, medievitskap og pedagogikk. 

Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies er eigd av Høgskulen i Volda, Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Bergen. Med temaet multimodalitetar, ønskjer arrangørane å gå «utanom boksen» og gjere seminaret til ein møteplass der deltakarar frå mange fagfelt kan dele erfaringar og synspunkt. På programmet står keynotes og foredrag med sentrale internasjonale forskarar som Gunther Kress og Gert Biesta, og det vil vere høve for PhD-kandidatar og andre til å presentere papers.

Meir informasjon om seminaret og registreringsskjema

Del på