Musikk møter litteratur

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I samband med eit forskingsseminar Høgskulen i Volda (HVO) arrangerer om forholdet mellom musikk og litteratur, blir det to opne arrangement. Onsdag 17. oktober blir det poesikonsert med påfølgjande jamsession på Fru Svendsen kunst- og kulturkafé i Ørsta. Torsdag 18. oktober blir det ein samtale mellom professor Geir Hjorthol og forfattaren Lars Amund Vaage i høgskulebiblioteket.

Poesikonsert

I første del av konserten på fru Svendsen i Ørsta vil forfattaren Lars Amund Vaage lese frå diktboka Den raude staden i samspel med musikarane Andreas Barth (perkusjon) og Geir Hjorthol (trompet). Fleire av bøkene til Vaage, som romanane Rubato og Syngja og novellesamlinga Den vesle pianisten,  er nær knytte til musikk. Hausten 2017 hadde Vaage og dei to musikarane Andreas Barth og Geir Hjorthol ein serie med poesikonsertar på Vestlandet, og det er delar av dette prosjektet dei vil presentere på Fru Svendsen denne kvelden.

Publikum får også stifte kjennskap til Hilde Myklebust frå Syltedalen i Vanylven og hardingfelespelar Benedicte Maurset frå Eidfjord i Hardanger. Myklebust har nettopp kome ut med si fjerde diktsamling, Kvar ein fugl. Maurset er ein internasjonalt kjend og prisløna folkemusikar med ei rekkje plateinnspelingar bak seg. Ho har også skrive om musikk og har solid røynsle frå musikalsk-litterære prosjekt. Mellom anna har ho laga og framført musikk til opplesingar av Jon Fosse sine tekstar på Nasjonaltheatret og Det Norske Teateret.  

I siste del av programmet er det fritt fram for den som vil delta musikalsk eller med opplesing av eigne tekstar. Publikum har også høve til å ta del.

 

Lars Amund Vaage (opplesing), Geir Hjorthol (trompet),  Andreas Barth (perkusjon og elektronikk), Hilde Myklebust (opplesing) og Benedicte Maurseth (hardingfele).

Samtale om eit musikalsk-litterært prosjekt

Professor Geir Hjorthol vil ha ein samtale med Lars Amund Vaage om diktboka Den raude staden i eit ope arrangement på høgskulebiblioteket i Berte Kanutte-huset torsdag 18. oktober kl. 12.00.

Lars Amund Vaage er ein av dei fremste forfattarane i Noreg i dag. I ei rekkje av bøkene hans spelar musikk ei sentral rolle både tematisk og formelt. Dette ser vi også i valet hans av titlar: Rubato (1995), Tangentane (2005), Syngja (2012), Sorg og song (2016), Den vesle pianisten (2017). Hausten 2017 hadde Vaage og dei to musikarane Andreas Barth og Geir Hjorthol ein serie med poesikonsertar på Vestlandet. Konsertane vart tekne opp og vil kome ut på plate.

Tekstane som vart framførte på turnéen, var henta frå Den raude staden, ei diktbok Vaage gav ut i 2014. Musikken vart improvisert fram og var dermed ulik frå konsert til konsert. Korleis fungerer ei slik blanding av ulike uttrykksformer? Må musikken nøye seg med å vere stemningsskapande bakgrunn, eller kan opplesar og musikar vere jamstilte partnarar i ein samtale? Blir opplesinga forma av musikken? Kan musikk og tekst i samspel skape ny meining? Det er slike spørsmål Vaage og Hjorthol vil drøfte i samtalen på biblioteket.

Seminaret

Poesikonserten på fru Svendsen i Ørsta og samtalen med Lars Amund Vaage i høgskulebiblioteket skjer i samband med eit seminar forskargruppa for litteratur og musikk ved Høgskulen i Volda arrangerer på høgskulen 17.-18. oktober. Forskargruppa arbeider med grunnlagsproblem knytt til relasjonane mellom litteratur og musikk. Dette er det første seminaret gruppa skipar til. Målet er å etablere eit nettverk med både lokale, nasjonale og internasjonale forgreiningar der litteraturforskarar, musikarar og andre utøvande kunstnarar møtest. Forskargruppa har eit arbeidsutval som består av Anemari Neple (førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, HVO, leiar), Geir Hjorthol (professor ved Institutt for språk og litteratur, HVO) og Magnar Åm (professor ved Avdeling for kulturfag, HVO).

Fru Svendsen i Ørsta.

Del på