Nordiske filmdagar i Lübeck

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag skal ta del på dei Nordiske filmdagane Lübeck i denne veka. Filmfestivalen er den største festivalen for nordiske filmar utanfor Norden og dei arrangerer også forskingsseminar om film der Werenskjold skal leie ei av seminargruppene.

Werenskjold skal presentere eit paper om korleis norske styresmakter forbaud den amerikanske spionfilmen «Confession of a Nazi Spy i 1939» etter omfattande press frå Nazi-Tyskland.

– Dette er ein del av norsk ytringsfridom si historie. Forbodet var ikkje heimla i norsk lov. Norsk sensurlovgiving opna ikkje opp for sensur på politisk grunnlag – men det vart gjort likevel, seier professor Rolf Werenskjold.

Den vitskaplege artikkelen vert også publisert i eit spesialnummeret av Scandinavian Journal of Cinema som skal utgivast etter festivalen. Spesialnummeret tek føre seg spionasje i fiksjonsfilm knytt til den nordiske regionen. Professor Werenskjold og professor Tobias Hochscherf frå Unversity of Applied Science i Kiel er temanummerredaktører.

– Temanummeret i Scandinavian Journal of Cinema er eit døme på forskingssamarbeid mellom Høgskulen i Volda og Kiel University of Applied Science. Desse to institusjonane har samarbeidet i fleire år om ein dobbel bachelor og dobbel mastergrad, seier professor Werenskjold.

Festivalen i Lübeck 31. oktober til 4.november er den største filmfestivalen for nordisk film utanfor Norden

Rolf Werenskjold
Professor Rolf Werenskjold.

Del på