NRK-innovatøren vil forske i Volda

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

NRKbeta-grunnleggjar Eirik Solheim brenn for å bruke teknologi kreativt. No skal den kjende medieteknologi-guruen forske ved HVO i to år.

Om du trur forsking er tørt og teoretisk, har du ikkje møtt tusenkunstnar Eirik Solheim. Denne veka starta han deltidsjobben som forskar ved Høgskulen i Volda (HVO) med ei fascinerande tiltredingsforelesing.

Under tittelen «Innovasjon gjennom forsking, lidenskap og moro» viste Solheim fram små og store prosjekt han har forska fram: alt frå frisbee-kamera til ein lydaktivert straumbrytar-robotfinger. Den raude tråden var leikne oppfinningar som ofte starta med reine eksperiment og enda i smarte tekniske løysingar til både live-radio og sakte-TV hos NRK – eller «idiotiske dingsar som kom til nytte», slik han sjølv formulerte det.

– Det er vel ei nysgjerrigheit eg alltid har hatt. Eg har alltid likt kombinasjonen av kreativitet og teknologi, kombinasjonen av det å byggje faktiske fysiske ting og det å programmere og styre på – og eg synest jo at nerd er ei heidersnemning, sa NRKbeta-grunnleggjaren, som no har permisjon frå NRK for å utfalde seg.

Talrike tilbod, valde Volda

Fram til oktober 2025 skal Solheim no jobbe i 20 % stilling som forskar ved Avdeling for mediefag på HVO. Han er eit ettertrakta namn med mange jern i elden, og det skorta ikkje på tilbod før han takka ja til å forske ved HVO.

– Eg har alltid hatt eit veldig godt forhold til Volda. Heilt sidan eg sjølv studerte medieingeniør i Stavanger, har alle med HVO-bakgrunn eg har jobba med, vore flinke, og det er så mykje bra folk i NRK som har studert her. Det var mange skular som spurde meg då eg skulle ha NRK-permisjon, men det var hit eg ville, sa den ferske HVO-forskaren.

Gjennom brei erfaring innan medieinnovasjon, medieutvikling og utforsking av ny teknologi og programvare – og 20 år i NRK – kjem Solheim med kompetanse som er verdifull for alle mediefaga.

Eirik Solheim viser fram eigne prosjekt på skjerm.
Eirik Solheim hadde mykje spennande å vise fram frå eigne prosjekt opp gjennom åra. Her forklarer han prosessen med å fange eitt år i eitt bilete, bygd opp av nesten fire tusen fotografi han sirleg sydde saman. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Fingeren på datapulsen

Medieinnovasjon har Solheim lang erfaring med. Allereie i 2008, då både dagens HVO-studentar og videogiganten YouTube var barn, hadde han «gått viralt» med ein video der han dokumenterte eit år på førti sekund gjennom lyd og bilete.

Solheim har gjennom heile karrieren hatt som både hobby og jobb å utforske den nyaste teknologien – og den store «snakkisen» kunstig intelligens (KI) er ikkje noko unntak.

På heimefronten har han til dømes eit sinnrikt tomatdyrkingssystem der KI har hjelpt han å finne den aller beste tomatsorten på bakgrunn av, ja, det meste som kan målast og analyserast.

Må vere langt framme på kunstig intelligens

Biletet som teiknar seg av KI i dagens samfunn, er at det kan brukast på snart alle område – spørsmålet er korleis det skal og bør skje. Så kva er det som ventar mediestudentane i arbeidslivet, og korleis kan HVO førebu dei på denne framtida når dei teknologiske omveltingane skjer så raskt?

– Når eg held foredrag for journalistar der ute i mediehusa og snakkar om desse tinga, ser eg at mange blir livredde og trur dei skal miste jobben fordi maskinene no kan gjere alt, både skrive og lage bilete. Men så var det éin journalist som kom bort og sa det klokaste av alt: «Eg er ikkje redd for å miste jobben på grunn av KI, men eg er redd for å miste jobben til ein journalist som forstår seg betre på KI.»

Solheim er krystallklar på at HVO må utdanne journalistar som kort og godt må lære seg denne nye teknologien.

– Når studentane kjem ut herifrå, må dei kunne ta over dei eksisterande jobbane i media fordi dei forstår seg på KI etter å ha gått her.

Eirik Solheim under tiltredingsforelesinga ved HVO i oktober 2023.
Den ferske HVO-forskaren vekte interessa hos både tilsette og studentar under den underhaldande tiltredingsforelesinga. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Del på