Ny bok: Fire store

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Jan Inge Sørbø er professor i litteratur ved Høgskulen i Volda. Han har gitt ut fleire diktsamlingar, biografiar og ei rekkje andre bøker i ulike sjangrar. No er Sørbø aktuell med boka «Fire store», ei bok om Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam.

Sørbø
Professor Jan Inge Sørbø.

I boka viser professor Sørbø kvifor desse fire kvinnelege forfattarane ikkje har fått plassen dei fortener, og kvifor dei bør lesast i dag. Sørbø viser kva rolla kjønn spelar i lesinga og vurderinga av litteratur. Det spissar seg til i spørsmålet om kva slags bøker som er dei beste, og kven som har makta til å gje forfattarar ein sikker plass i den litterære kanon.

Sørbø skriv i innleiinga at han for alvor vart merksam på forholdet mellom kjønn og kanon då han arbeidde med Nynorsk litteraturhistorie, eit verk som tek føre seg nynorsk litteratur frå 1860 til 2015.

Han skriv mellom anna: «Når ein arbeider historisk, kjem ein påfallande ofte i kontakt med skrivande kvinner som ein ikkje har høyrt om eller veit lite om, men som syner seg å ha store kvalitetar. Likevel er dei sjeldan nemnde som gode døme på litterære periodar eller trendar.»

 

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt. Den kritikarroste Nynorsk litteraturhistorie kom i 2017.

Forfattarane

Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar.

Hulda Garborg er kjent for si organisatoriske kraft, men dei mange skjønnlitterære bøkene hennar er nesten ukjente. I tillegg til å ta ansvaret for ein depressiv ektemann og heile det nynorske teaterlivet skreiv ho over 40 bøker, ambisiøse romanar og eksperimentelle drama.

Gro Holm skreiv sterke romanar om Odda sin overgang frå bonde- til industrisamfunn 40 år før Kjartan Fløgstad, ofte med eit kvinneperspektiv.

Aslaug Vaa, som gav ut bøker frå 1930-talet og framover, vart lenge omtala som ein lokal telemarksforfattar. Sørbø viser korleis ho stod i dialog med leiande intellektuelle rørsler i Europa gjennom heile forfattarskapen.

Del på