Ny bok om Yksnøya
Høgskulektor Frode Sætre frå Seksjon for idrett og friluftsliv har gjennom intervju og anna kartlegging samla kunnskap om livet på Yksnøya. Resultatet er boka "Yksnøya - liv og sjøliv".
Våren 2007 fekk Sætre midlar til eit FoU-prosjekt for å fram kunnskap om livet på Yksnøya, med prioritering av kystkulturen og båtbruk, ord og uttrykk. Prosjektet var støtta av Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda. Nynorsksenteret sine interesser gjekk i retning av å ta vare på språk, dialekt, ord og uttrykk knytte til båt og båtbruk som vart nytta på øya, og dei gir no ut ei eiga dialektutgåve av boka på internett. | |
Til høgre ser vi John R. Yksnøy i ferd med å feste staget i eit øye i framstamnen. Han var hovudinformanten til Frode Sætre i arbeidet med boka. |
Studentar på rotur i ein litlefæring langs Ausa.
Sætre fortel vidare at mange studentar vert fasinerte av Yksnøya. – Dei er svært interesserte og stiller mange spørsmål om korleis livet i dette øysamfunnet har vore. Men i mange tilfelle har vi som lærarar hatt for lite kunnskap til å gi gode svar, og i mange år har vi snakka om å gjere systematiske intervju med dei fastbuande. Gode historier og forteljekunst er ofte ein styrke for å kunne skape god undervisning og engasjement. Det byrjar også å haste, for dei fleste av informantane som kan nyttast, vert stadig eldre. Og som det kjem fram i boka, er øya i ferd med å verte avfolka.
Boka Yksnøya – liv og sjøliv er til sals i Fagbok Volda og andre lokale bokhandlar. Du finn meir om innhaldet i boka her.
I over 20 år har Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda hatt ein såkalla feltstasjon på Yksnøya. Stasjonen er base og utgangspunkt for studentar som har friluftsliv i fagplanen. |
Høgskulen sitt naust på Yksnøya.