Ny bok: Oppbrotsteologi på det lange 70-talet

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Dosent emeritus Jan Ove Ulstein ved Høgskulen i Volda er aktuell med ny bok. Boka «Oppbrotsteologi på det lange 70-talet - Frigjeringsteologi, marxisme, sosialetikk» blir lansert på eit seminar i Litteraturhuset i Oslo 28. april.

Jan Ove Ulstein
Jan Ove Ulstein.

68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp.

Jan Ove Ulstein (f. 1944) er dosent emeritus i systematisk teologi ved Høgskulen i Volda. Ulstein har skrive og redigert ei rekke bøker, mest innan skjønnlitteratur for vaksne og born, og ei rekke artiklar. Han leia programområdet Kyrkje – Religion – Samfunn i Rådet for humanistisk forsking (982-1988), var første ansvarlege redaktør i Tidsskrift for kirke, religion og samfunn (1988-2003, no Nordic Journal of Religion and Society), og har vore serieredaktør for Religionsfag Profil sidan starten (2001).

I denne situasjonen fekk vi fenomenet ‘kristen-radikalarane’, som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten.

Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla ‘det lange 70-talet’. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer.
Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden.

Lanseringsseminar i Oslo

28.april kl.18.00 blir det lanseringsseminar i Litteraturhuset i Oslo med Jan Ove Ulstein, Hans Fredrik Dahl, Oskar Stein Bjørlykke, Rune Slagstad, Tor Egil Førland, Audgunn Oltedal, Torleiv Austad og Trond Skard Dokka. Tid: 28. april kl. 18.00 i Kverneland, Litteraturhuset i Oslo. Lanseringa er gratis, men du må melde deg på. Seminaret blir strima på YouTube.

Del på