Ny bok: Varslingsklokken. Berte Kanutte Aarflot - bondekone og vekkerrøst

Tekst: Per Arne Brandal

– Det er eit særsyn at ei enkel bondekvinne kunne vinne slik respekt og betydning i lokalmiljøet på Sunnmøre, men ho nådde lenger, både på Vestlandet og landet elles, seier dosent Jan Ove Ulstein Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv eit rosande minneord om henne då ho døydde i 1859: «Det bør om hende siges, at faa her i Landet har i en vid Kreds bidraget saaledes til Religionens Væxt som hun. Omkring hendes Sange har ogsaa de gamle salmemelodier flokket sig.»

Berte Kanutte Aarflot, som hovudbygget på høgskuleområdet er kalla opp etter, sette tydlege spor etter seg både i kyrkja og samfunnet i første halvdel av 1800-talet. Med røter i det gamle haugianske miljøet i Ørsta og Volda sto ho fram som rettleiar og vekkjarrøyst i ei brytingstid der nye nasjonale straumar prega Norge. Ho var ei føregangskvinne, både som sjølvlærd forfattar og som formidlar av kyrkja sin bodskap. Skriftene hennar omfatta meir enn 600 sider, og dei vart trykte i over tretti opplag i løpet av 1800-talet.

BK bok

I denne boka ligg for første gong føre ein grundig gjennomgang av arbeida til Berte Kanutte Aarflot, sett inn i samtidskonteksten. Dei gir eit samtidsbilete til inspirasjon og ettertanke også for ein lesar i vår tid.

Andreas Aarflot (f. 1928) er kyrkjehistorikar og tidlegare biskop og preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja. Han er tippoldebarn av Berte Kanutte.

Boka er nr. 34 i serien Kyrkjefag Profil frå Høgskulen i Volda. Ho er gratis tilgjengeleg på nett. Boka finst også i papirutgåve i bokhandlane og på nett.

Andreas Aarflot
Varslingsklokken. Berte Kanutte Aarflot - bondekone og vekkerrøst
Kyrkjefag Profil nr. 34. Cappelen Damm Akademisk 2020

Del på