Ny filmserie: Lær av forskarane våre

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kvar månad framover vil vi presentere ein av våre flinke forskarar, som kanskje kan gjere deg litt klokare. I første film får du møte førsteamanuensis Eirik Søvik og vite meir om korleis hjernen til ei bie er og på kva måte biene er litt lik oss menneske.

Ved Høgskulen i Volda (HVO) driv forskarane, som også underviser studentane, med forsking året rundt. I tida framover har vi lyst til at du kan bli litt betre kjent med dei som forskar og kjem fram til mange spanande resultat.

Vi vil lansere ein ny film med ein HVO-forskar i månaden. Kanskje får du lære noko du ikkje ante at du ville lære, men som er vanvitig gøy og interessant.

Eirik Søvik forskar på insekt og bier spesielt. Gjennom internasjonale forskingssamarbeid har han vore med i prosjekt der ein har sett bier i bur og forsøkt å forstå meir av korleis bier lærer, oppfører seg saman med andre bier og korleis hjernane deira fungerer.
 

 

Forskinga er nyttig på fleire måtar, ifølge Søvik. 

– På den eine sida kan vi lære veldig mykje om kva veldig små hjernar er i stand til. Det er også spanande for å forstå vår eiga hjerne. Men også for å kunne bruke løysingane som vi har i desse små hjernane i andre system. Som i robotar og den type ting.

Det som kanskje er viktigast for meg er den nytta det har for oss som samfunn. Å forstå meir om naturen rundt oss, og dei som bur i den. Å sjå at sjølv små, enkle insekt kan gjere veldig avanserte ting, påpeikar Søvik.
 

Del på