Ny nettside skal hindre lakserømming

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda og SINTEF Ocean samarbeider om å utvikle ein nettstad for tilsette i havbruksnæringa. Sidene er retta inn mot røktarar og driftsleiarar i næringa, og inneheld informasjon og filmar om tiltak som kan hindre at laksen rømer.

 

Kristian Fuglseth

– Vi har om lag 30 studentar i prosjektet, og vi skal vere ferdige med alle leveransane i prosjektet innan eitt år, seier ansvarleg for prosjektet i Volda, høgskulelektor Kristian Fuglseth ved Avdeling for mediefag (AMF).

Studentane ved AMF, fleire av desse er internasjonale studentar, har arbeidd mest med ulike filmar som ligg på nettstaden "Hindre rømming".

For å finne effektive tiltak mot rømming treng ein meir kunnskap om grunnane for at slike hendingar skjer. På sidene Avdeling for mediefag er med på å utvikle vert det formidla forskingsresultat om årsaker til rømming, metodar for gransking av rømmingshendingar og tiltak som kan hindre rømming.

– Til no har vi produsert filmar som formidlar ulike forskingsresultat. Akkurat no lagar vi to filmar som går på korleis ein kan utvikle tiltak for å hindre rømming, seier Fuglseth.

Del på