Ny professor i medierett
Ellen Lexerød Hovlid har publisert fleire fag- og lærebøker, som «Publiseringsregler for journalister» i 2020 og «Vern av privatlivets fred» i 2015.

Ellen Lexerød Hovlid ved Institutt for journalistikk har fått personleg opprykk til professor i medierett ved Høgskulen i Volda.
Ellen Lexerød Hovlid har vore tilsett ved Institutt for journalistikk i Volda sidan 2006, og har vært professorstipendiat sidan 2015. Hovlid er jurist og har i fleire år undervist i juss ved medieutdanninga i Volda. Hovlids doktorgrad frå 2014 handlar om vern av privatlivets fred og ho har i tillegg publisert ei rekkje artiklar om medierettslege emne.
– Mykje av forskinga min har handla om tilhøvet mellom ytringsfridom og andre omsyn, ein problematikk det framleis kan skrivast mykje om, seier Hovlid.
Media 50 år - Fagleg seminar om ytringsfridom på Høgskulen i Volda
Ellen Lexerød Hovlid har publisert fleire fag- og lærebøker, som «Publiseringsregler for journalister» i 2020 og «Vern av privatlivets fred» i 2015.
– Eg er også oppteken av forholdet mellom dei redaktørstyrte media og andre medium og publiseringskanalar. Eg underviser dessutan i både pressejuss og presseetikk og tilhøvet mellom dei to systema interesserer meg.