Om hjernebølger og kunstig intelligens under Forskingsdagane

Tekst: Live-Susann Brautaset Myklebust

- Oppdatert

Etter elleve dagar med spennande og lærerike arrangement er Forskingsdagane på Høgskulen i Volda (HVO) over for denne gong. 

Det nasjonale festivaltemaet for Forskingsdagane 2023 var Energi, og festivalen baud på energiske innslag for både store og små. Frå torsdag 21. september til søndag 1. oktober har varierte og nyttige innslag frå ulike forskarar og fagpersonar stått på programmet. 

Hjernen i fokus under ein av festivalens siste dagar

Torsdag 28. september kan vi godt kalle «hjernedagen» under årets festival ved HVO. Denne dagen fekk festivalpublikummet både lære om korleis menneskehjernen kan fungere på ulike område, og korleis vi kan nytte oss av «datahjernen» – kunstig intelligens – på stadig fleire område. 

Tankane si kraft  

Dagen starta med at deltakarane fekk følgje språket i hjernen gjennom pågåande forsking ved Institutt for språk og litteratur.  

I programposten «Tankane si kraft» presenterte førsteamanuensis Jade Sandstedt korleis bilektal språkprosessering ser ut, og kor likt eller ulikt bilektalitet (m.a. bruk av fleire dialektar) er i forhold til andre former for tospråklegheit. 

Undervegs i forskingsprosjektet har forskarane testa personar frå Sunnmøre og Nord-Noreg ved hjelp av EEG (elektroencefalografi) og leseforståingsoppgåver som testa forståinga mens personane las setningar på både bokmål og dialekt. 

– Nokre av funna viser at bilektalitet er ein faktisk underkategori av tospråklegheit. Eit anna funn som er knytt til den tverrdialektale påverknaden, er at grammatiske forskjellar mellom personen sin dialekt og bokmål svekkjer hjerneresponsar til grammatiske feil når ein les på bokmål. Avhengig av kva dialekt ein har, blir grammatiske «feil» i ulik grad fanga opp eller tolka som feil i hjernen, fortalde Sandstedt.  


Demonstrasjon med «hjernehetta» 

Etter presentasjonen var det tid for demonstrasjon ved HVO-overingeniør Peder Smart Sefland.

Under demonstrasjonen kunne dei som ville, prøve «hjernehetta», og dermed sjå korleis deira eigne hjernebølger ser ut i sanntid. Innretninga var populær, og det var fleire som meldte seg frivillig til å prøve.  

Studentar

Foto: HVO/ Ida Haug Theodorsen.

Kunstig intelligens – utfordringar og moglegheiter 

Seinare på dagen tok Forskingsdagane turen til Aktivitetshuset i Ulsteinvik. Temaet for denne programposten var «Kunstig intelligens – utfordringar og moglegheiter», og foredraget var eit samarbeid mellom Forskingsdagane og Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. 

Professor Siv M. Gamlem hadde eit fagleg innlegg der ho knytte kunstig intelligens (KI) til bruksområde i samfunnet, utdanning og skulen. 

– Deltakarane fekk høyre om korleis digitalisering og ny teknologi i samfunnet har vore grunnlag for diskusjonar vi har i dag. Det vart vist til korleis «fake news»/«deepfake» er informasjon vi møter stadig oftare, og kvifor kritisk tenking og kjeldemedvit vert sentralt, fortel Gamlem. 

Vidare fortalde Gamlem om korleis vi har fått eit digitalt samfunn der vi både er konsumentar og produsentar av digitalt innhald.  

Ho trekte også fram korleis algoritmar dannar grunnlag for informasjonen vi får tilgang til. Her fekk publikum høyre korleis ein kan hamne i «ekkokammer» og «filterbobler», og at personopplysningar som blir henta gjennom digitale einingar, vert brukte som utgangspunkt for mellom anna individuelt tilpassa reklame og utvikling av språkmodellar i KI. 

Det blei presentasjon av forskjellige typar KI og korleis ulike profesjonar opplever både nytte og dilemma i ei stadig breiare innføring av KI.  

Til slutt belyste Gamlem Noregs nasjonale strategi for KI, som vart lagt fram i 2020. Strategien framhevar mellom anna etiske spørsmål og retningslinjer for konsumentar og produsentar. Her viste ho også til døme på KI-bruk i kvardagen, arbeidslivet og for framtida. 

Demonstrasjon med VR-briller  

Etter det faglege innlegget vart det enda ein demonstrasjon ved HVO-overingeniør Peder Smart Sefland. Denne aktiviteten skulle vise til potensialet og moglegheitene som ligg i bruken av VR-briller. Det var mogleg for deltakarane å prøve brillene, noko som såg ut til å vere ei fin og artig oppleving. 

Tilbakemeldingane frå eit aldersvariert publikum var at temasamlinga var interessant, oppklarande og gav ny kunnskap og forståing om korleis kunstig intelligens skaper både utfordringar og moglegheiter.  

Ei sann glede å vere festivalkoordinator 

Koordinator Ida Haug Theodorsen viser fram T-skjorta til Forskingsdagane 2023.

Foto: HVO/ Steinarr Sommerset.

Ida Haug Theodorsen var koordinator for Forskingsdagane 2023 ved HVO. Ho fortel at ho er nøgd med festivalprogrammet og dei tilsette sine bidrag under årets festival. Ho utrykker også takksemd for samarbeidet med eksterne aktørar som for eksempel Runde Miljøsenter og Hjørundfjord filmteater.  

– Det har vore ei sann glede å vere koordinator for Forskingsdagane, og eg har stor tru på at HVO har mykje å by på under framtidige forskingsfestivalar, avsluttar Theodorsen.  

Del på