Opa forelesing med Thorvald Stoltenberg

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Radio P4

- Oppdatert

Opa forelesing med Thorvald Stoltenberg

Tysdag 6. februar kjem tidligare utanriksminister Thorvald Stoltenberg til Høgskulen Volda for å halde innleiingsforelesinga på kurset «Media and the Cold War». Stoltenberg vil gje eit innblikk i norsk utanrikspolitikk frå den andre verdskrigen fram til slutten av den kalde krigen. Forelesinga er på engelsk og er open for alle.

- Vi er stolte og takksame for at Stoltenberg kjem til Volda. Stoltenberg har vore ein av dei leiande politikarane og diplomatane i norsk utanrikspolitikk etter andre verdskrigen. Stoltenberg si breie erfaring, også som fredsmeklar for FN og som president i Noregs Røde Kors, gjer at han har ein unik kunnskap og fagleg tyngde innan emnet vårt om media og den kalde krigen. Studentane våre er svært heldige som får møte Stoltenberg, seier dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Avdeling for mediefag.

Media og den kalde krigen

Perioden som vert kalla «Den kalde krigen» strekkjer seg frå den andre verdskrigen til Sovjetunionen si oppløysing i 1991. Denne «kalde» krigen vart ein verdsomspennande ideologisk konflikt mellom demokrati og diktatur, NATO og Warszawa-pakta og supermaktene USA og Sovjetunionen. Verda vart delt i to. Faren for atomkrig var overhengande.

– Det internasjonale spelet og dei mange dramatiske hendingane under den kalde krigen vart rapportert gjennom media. På begge sider av konflikten fekk folk informasjon om hendingar som Koreakrigen,Cuba-krisa og Vietnamkrigen gjennom aviser, TV, radio, filmar og dokumentarfilmar. Det er forska relativt lite på denne perioden, i alle fall viss vi samanliknar med det som er publisert om den andre verdskrigen. Dette er bakgrunnen for at vi initierte eit større forskingsprosjektet om media og den kalde krigen ved Avdeling for mediefag i 2011, seier professor Henrik Grue Bastiansen ved Avdeling for mediefag.

 

Henrik Bastiansen
Henrik Bastiansen.

– Kurset «Media and the Cold War» (15 studiepoeng) spring ut av denne forskinga, og rettar nettopp søkelyset på media i si rolle i høve den politiske, økonomiske og sosiale konflikten mellom aust og vest. Vi ser også på media si rolle i høve det politiske «establishment» og dei mange «non-governmental» organisasjonane som også var ein del av den kalde krigens kultur. Vi går også inn i korleis faren for atomkrig og protestane mot atomvåpen kom til uttrykk i film, animasjon og dokumentar, fortel professor Rolf Werenskjold. Han var prosjektleder for Kaldkrigsprosjektet og er ansvarlig for undervisningsemnet.

 

Rolf Werenskjold

Thorvald Stoltenberg

Stoltenberg si forelesing har tittelen «The Long lines from the Second Wold War and to the end of the Cold War: Norwegian Foreign Policy and the Media». Forelesinga er tysdag 6. februar kl. 12.00 i store auditorium i Berte Kanutte-huset.

– Stoltenberg har spelt ei sentral rolle i norsk utanrikspolitikk i denne perioden, og det er ei fjør i hatten for oss og for Høgskulen i Volda å få han hit til opninga av kurset. Det blir spennande å høyre om Stoltenberg kan gje oss ny kunnskap om det som skjedde bak kulissane, ting som i si tid ikkje kom ut til avisene.

Stoltenberg har ei lang og svært innhaldsrik karriere som politikar og aktør på den internasjonale arenaen, og han har i fleire periodar hatt sitt virke i område som var sterkt prega av spenningane mellom stormaktene i den kalde krigen. Stoltenberg tok til i Utanriksdepartementet i 1958. Han gjorde teneste som visekonsul i San Francisco frå 1959 til 1961 og som ambassadesekretær i Beograd frå 1961 til 1964. Stoltenberg var forsvarsminister i perioden 1979 til 1981 og utanriksminister i åra 1987 til 1989 og 1990 til 1993. Som utanriksminister tok Stoltenberg i 1992 initiativ til Barentssamarbeidet. Han var FN sin fredsmeklar på Balkan frå 1993 til 1996.

Internasjonalt

Kurset «Media and the Cold War» er primært retta mot utanlandske studentar, og undervisninga er på engelsk. Kurset går også inn i Høgskulen i Volda sin nye «Master in Media Practices».

– Vi har hatt studentar frå ei rekkje land i Europa, og det er spennande å ha studentar frå land frå begge sider av den kalde krigen sine konfliktlinjer. I oppgåvene studentane skriv får vi interessante innblikk i korleis media i ulike land på ulikt vis dekte til dømes boikotten av OL i Moskva i 1980. Dette vart sjølvsagt framstilt svært ulikt i land som Vest-Tyskland og DDR. Mange studentar hevdar at dei lærer meir om sine eigne lands historie her i Volda enn det dei har gjort i heimlandet.

 

Del på