Ope seminar: Offentleg religion? Grunnlov og livssynspolitikk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Måndag 29. september kl. 19.00 arrangerer Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag eit ope seminar i Ørsta kyrkje, i samarbeid med Kyrkjeakademiet og Ørsta kyrkjelyd.

Hovudinnleiar er professor Sturla Stålsett, som leia arbeidet med den offentlege utgreiinga «Det livssynsåpne samfunn» (NOU 2013:1).

Dei to opphavlege respondentane har dessverre begge sjukdomsforfall, men ein svært kompetent reservebenk lovar godt for den påfølgjande paneldebatten: I staden for biskop Ingeborg Midttømme kjem fungerande biskop, domprost Olav Gading. Professor Jan Inge Sørbø overtar plassen til instituttleiar Ingunn Folkestad Breistein.


Seminaret er ein del av programmet for både 200-årsjubileet for Grunnlova og 150-årsjubileet for Ørsta kyrkje.

Vel møtt!

ed836bd50a25483691ab43a86313f67e

Professor Sturla Stålsett. Foto: Menighetsfakultetet.

I paneldebatten deltar biskop Ingeborg Midttømme og instituttleiar Ingunn Folkestad Breistein.

Inngangspengar: kr. 100.

I 1814 lydde § 2 i Grunnlova slik: «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage sine Børn i samme. Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.»

Sidan 2012 har paragrafen denne teksten: «Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokratiet, Retsstaten og Menneskerettighederne.» Kva fortel denne endringa om korleis forholdet mellom stat, kyrkje og samfunn har utvikla seg? Kva plass finst det i det norske samfunnet for dagens mangfald av religionar og livssyn?

Sturla Stålsett er dr. theol. og ordinert prest i Den norske kyrkja. Han er nytilsett professor i diakoni, religion og samfunn ved Menighetsfakultetet i Oslo. Stålsett var leiar for Trus- og livssynspolitisk utval som på oppdrag frå regjeringa la fram NOU 2013:1 Det livssynsåpne samfunn. En helhetlig tros- og livssynspolitikk. (foto av Sturla Stålsett vedlagt. Fotokreditering: Menighetsfakultetet)

Ingeborg Midttømme er biskop i Møre bispedøme av Den norske kyrkja.

Ingunn Folkestad Breistein er dr. theol. og instituttleiar ved Institutt for religion, filosofi og historie ved Universitetet i Agder. Ho har bakgrunn frå Misjonsforbundet og var medlem av Trus- og livssynspolitisk utval.

Kontakt: Professor Anders Aschim, Høgskulen i Volda.

Anders.Aschim@hivolda.no.

Tlf. 7007 5198/975 65 875.

Del på