Ope symposium om skriftkultur

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har gleda av å by inn til eit ope symposium om skriftkultur og skriftkulturforsking. Utgangspunktet vårt er at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkultur-studiane står i ei brytingstid.

Siktemålet med symposiet er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt, og å kaste lys over omgrepet skriftkultur i ein brei literacy-samanheng: Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast? Og kva er det særlege bidraget nynorsken kan kome med til resten av verda? 

Les meir.

Tags

Del på