Over 50 studentar med i stort forskingsprosjekt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Saman med tilsette har mediestudentar ved Høgskulen i Volda fått ansvaret for all kommunikasjon og forskingsformidling i eit forskingsprosjekt med ei økonomisk ramme på 60 millionar kroner.

«Alger for fremtiden – A2F» er eit forskingsprosjekt i regi av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), der Høgskulen i Volda (HVO) er ein part. NIBIO var eitt av tre prosjekt som vann fram om midlar i Bionær-programmet, og ein liten del av æra for det skal mediestudentane i Volda ha.

Det gav prosjektleiar Stig A. Borgvang tydeleg uttrykk for då han møtte studentane og tilsette i Volda i førre veke:

I grunngjevinga for forskingsmidlane la dei vekt på at vi hadde tenkt nytt og vore litt eksperimentelle ved å bruke studentar til å formidle frå prosjektet. Utan dykk når vi ikkje fram med det vi vil.

Algar på matfatet

Med mikroalgar som utgangspunkt vil forskingsprosjektet undersøke algane sitt potensial til å produsere protein, fleirumetta feittsyrer og karbohydrat av høg kvalitet til framtidas matfat. Dei vil kombinere fagkunnskap om dyrking og optimalisering av mikroalgar sin biomassekomposisjon i lab- og pilotskala, med erfaringa til blant anna profesjonelle bakarar, ølbryggarar og fiskefôrprodusentar. Slik vil dei legge grunnlaget for ein felles innovasjonsplattform for framtidas berekraftige norske algeindustri.

Borgvang fortalde at algar kan innehalde opp til 55 prosent protein, og han veit ikkje om noko i naturen som er i nærleiken av det. Samstundes er algane også nedst i næringskjeda og soleis ei god  næringskjelde å utnytte.

Høgskulelektor ved HVO, Kristian Fuglseth, har vore med på forarbeidet til prosjektet sidan 2014.

– Vi er heldige som er ein del av prosjektet. Det er det største forskingsprosjektet i Noreg nokon gong når det kjem til bruk av nye metodar for å utvikle ei ny verdikjede for matproduksjon, som er basert på lokalproduserte næringsstoff, fortel Fuglseth.

Møtte næringa

Han er ein av om lag ti tilsette ved Avdeling for mediefag ved HVO som er knytt til prosjektet. Fuglseth sette pris på at prosjektleiaren tok turen til Volda for å møte studentane.

– I Volda har vi arbeidd med kommunikasjon og forskingsformidling i prosjektet sidan 1. april i år. Difor var det fint at vi fekk til eit møte no.

Der var også Bondelaget, som kan representere næringa i framtida, til stades. I tillegg til Dag Hjelle frå Folven gard i Stryn, som skal vere «forsøksgarden» i prosjektet og der ein skal dyrke fram algar. Tom Young frå ølprodusenten Nøgne Ø var også der, og fekk presentert konsept for framtidig produksjon av mikroalgeøl av utanlandske erasmusstudentar som er i Volda.

Algeprosjekt

Unik mediemiks

Over 50 studentar frå bachelorgradene i PR, kommunikasjon og media og Animasjon, frå Master in Media Practices og erasmusstudentar er involvert i prosjektet. Dei lagar kommunikasjonsstrategiar, konsept for algeøl, animasjonsfilmar, mediehandbok, publikumsinformasjon om bruk av mikroalgar, nye nettsider for prosjektet og møteplassar for referansegrupper.

– Det er over 30 ulike referansegrupper og vi såg kor omfangsrikt det er når vi var samla alle i Berlin for ikkje så lenge sidan. Studentane arbeider med sju ulike prosjekt som er knytt til forskingsformidlinga og leverer produksjonane undervegs i løpet av dei fire åra forskingsprosjektet skal halde på, seier Fuglseth, som meiner breidda i det studentane og dei tilsette til saman kan levere er grunnen til at dei fikk vere med på laget:

Vi klarer å levere ein unik mediemiks, som eg trur ingen andre høgskular eller universitet i landet hadde fått til i denne skalaen. Vi har heile breidda av mediefag som gjer det mogleg.

Fuglseth peiker på alt frå foto, film og animasjon til samfunnskommunikasjon, og innimellom der har ein både journalistikk og grafisk design.

Samfunnsverdi

Jacob Bull er ein av studentane Fuglseth snakkar om. Han går siste året på bacheloren i PR, kommunikasjon og media og skriv eksamensoppgåve om «Alger for fremtiden – A2F» i desse dagar.

– Oppgåva går ut på å lage ein kommunikasjonsstrategi for prosjektet. Det er ganske utfordrande, då forskarane brukar avansert terminologi. Det er ikkje ei lita oppgåve å forenkle språket deira utan å miste innhaldet, seier Bull. Han var ein av dei som nytta tida etter møtet til ein prat med prosjektleiar Borgvang, som ein ser på bildet under.

Algeprosjekt

– Dette er ein fin moglegheit til å lage eit eksamenssvar som kan ha ein reel verdi i samfunnet. Det verkar som eit godt prosjekt for høgskulen, som studentar kan få glede av å vere ein del av i fleire år framover.

Det samsvarar med tilbakemeldingane høgskulelektor Fuglseth har fått frå andre studentar.

– Studentane er heiltente på å få arbeide med noko som er framtidsretta og berekraftig. Det er eit tema studentane synest er viktig og nyttig å få lære meir om av dyktige fagfolk.

Del på