Øyvind Eiksund har disputert ved NMH

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Øyvind Eiksund disputerte 28. mars 2019 for ph.d.-graden ved Norges musikkhøgskole med avhandlinga "Koret som spenningsfelt. Mellom det små og det store."

Eiksund var stipendiat ved Høgskulen i Volda, han er no tilsett ved NTNU.

Opponentar var Anne Haugland Balsnes frå Universitetet i Agder og Ylva Hofvander Trulsson frå Lunds universitet. Komiteen vart leia av John Vinge frå Norges Musikkhøgskole. Rettleiar har vore Jan Sverre Knudsen frå OsloMet. At heile auditoriet vart engasjert i korsang, var ein noko uvanleg, men svært vellukka start på disputasen. Når familiekoret Eiksund slo til med nyskriven hyllest til doktoren og SKRUK med dirigent Per Oddvar Hildre i spissen dukka opp for å syngje bordverset under middagen, må det seiast at kormiljøet prega dagen frå start til slutt. Med dette har altså kora på Søre Sunnmøre fått si akademiske avhandling!

Her kan du lese meir om Eiksund si avhandling.

Del på