Pedagogikkonferanse med blikk på dei framande i klasseromet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

4998962c727fc2f6021841b076c18b8bad83d6a7

Professor Werler utanfor det nye Synnøve Riste-huset ved Høgskulen i Volda.

Workshoppen tok mellom anna opp mangelen på empirisk og teoretisk kunnskap om heterogenitet og konsekvensane dette har for allmenn didaktikk.

Professor Werler innleia workshoppen med å spisse temaet rundt omgrepa ”strangeness” og ”otherness” i didaktikken.
Dette vart følgt opp av Christoph Wulf frå Freie-universitetet i Berlin, som innleidde om korleis den framande vert konstruert i historieundervisninga.

Korleis blir elevar sett på?

Vidare tok Bernadette Hörmann frå Universitetet i Wien opp korleis PISA-undersøkingane kan føre til ekskludering frå bestemte elevgrupper i sjølve undersøkingane, medan Jorunn Midtsundstad fortalde om mangfaldet som ein føresetnad for vellukka undervisning.

Carl Anders Säfström frå Sverige viste på eit teoretisk nivå at ei av dei viktigaste oppgåvene i undervisninga er å gjere det ukjende kjent for både å skape meining og å lære.

Sofia Marques da Silva frå Universitet i Porto fortalte om forskingsmetodar for å kjenne att dei framande elevane i klasseromet. Ho viste korleis konstruksjonen av danskheita har ”den andre” som naudsynt føresetnad for å skjøne den framande. Det same kunne Tanja Sturm frå Hamburg vise til, gjennom empiri på forsking rundt svake elevgrupper.

Les førehandmeldinga om workshoppen

Del på