PhD-stipendiat gjev mogelegheit for Volda-retur

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

f52764847b0722d96c7394eff8462b9d2a2f0519
Ellen Strøm Synnevåg 

Synnevåg er utdanna sjukepleiar og har ein mastergrad i helsefremmande arbeid. Ho har slik ei brei utdanning, og både stipendiat innanfor samfunnsfag og idrett og friluftsliv kan vere aktuelt. Ho har for tida fødselspermisjon og ho og sambuaren snuser på mogelegheita for å flytte attende til Volda frå Bergen.  

Synnevåg er av typen som synest det var fantastisk å skrive masteroppgåve om akkurat det ho ville, og ser ikkje på det å vere småbarnsmor som eit stort hinder.

─ Å vere stipendiat er fagleg utfordrande, og det å ha mogelegheita til å forske på det som ein sjølv vil er luksus. Ein er litt sin eigen sjef og kan styre dagane sjølv, seier ho.

Synnevåg synest informasjonsmøtet var eit veldig godt tiltak.

─ For meg som bur i Bergen var det veldig greitt for meg å kunne komme hit å møte folk i staden for å sende e-post. Ved å snakke med Roar Amdam på samfunnsfag og Kjetil Høydal på idrett og friluftsliv har eg fått mange gode tips for søknad til stipendiatstilling. Dei reklamerte godt begge to, seier ho med eit smil.

Om du ønskjer å få tilsendt presentasjonane som vart gjevne på informasjonsmøtet så send e-post til: fou@hivolda.no

Del på