Prøver ute for å kartlegge spesialundervising
I desse dagar har SPEED-prosjektet sendt ut om lag 2700 leseprøver og like mange matematikkprøver til bruk i kartlegginga av spesialundervisning. Det er elevar i 5., 6., 8. og 9. klasse ved alle skulane i to bykommunar i Noreg som mottar prøvene.
Til pakking av leseprøvene fekk Peder Haug og Jorunn Askehjelp av G14 – handballgruppa. Foto: Johann Roppen.
─ Prøvene er andre del av datainnsamlinga frå elevane, og den skal vere ferdig i slutten av april. Både elevar som mottar spesialundervisning og dei som ikkje gjer det er informantar. Tidlegare har dei svart på ei nettbasert spørjeundersøking, seier professor Peder Haug som leiar prosjektet.
Etter den første kartlegginga skal prosjektdeltakarane observere undervisning av dei same elevane både i ordinær opplæring og i spesialundervisning. Det vil i denne perioden også verte gjennomført intervju med elevar, foreldre og lærarar om spesialundervisninga. Til slutt blir den første kartlegginga gjentatt. Målet er å samanlikne resultata frå dei to kartleggingane, som vert gjort med eit års mellomrom, og relatere resultata til observasjonane og intervjua.
SAMANLIKNAR VILLKÅRA FOR ELEVANE
For å kunne gje svar på spørsmål som gjeld spesialundervisning, legg prosjektet stor vekt på å sjå den i høve til den ordinære opplæringa i skulen. Difor samlar prosjektet inn data frå alle elevane på dei nemnde klassestega. Det gir grunnlag for å samanlikne vilkåra for elevane, og for korleis dei opplever skulekvardagen.
BAKRUNN FOR PROSJEKTET
Interessa for å studere spesialundervisninga har sin bakgrunn i det faktum at opp mot ein tredel av elevane i skulen synest ikkje å passe inn der. Det blir tydeleg i fråfallet i vidaregåande, men det finst indikasjonar at eit stort tal elevar tidleg i skulekarrieren viser teikn som signaliserer at dei strevar.
SAMARBEIDSPROSJEKT
Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Hedmark og Høgskulen i Volda. Det er finansiert av høgskulane og Noregs forskingsråd, PRAKUT-programmet. Budsjettet er totalt på 20 millionar kroner.
Prosjektet vert avslutta våren 2015 med seminar/workshop.