Randi Myklebust tildelt Anne Hvenekilde-prisen 2018

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

På den åttande nasjonale forskingskonferansen om norsk som andrespråk (NOA-konferansen) lagt til Universitetet i Oslo 11.-12. oktober, vart Randi Myklebust ved Høgskulen i Volda tildelt Anne Hvenekilde-prisen 2018. Torild M. Olsen ved Universitetet i Agder var den andre doktorranden som mottok prisen.

Anne Hvenekilde-prisen skal stimulere til forskarrekruttering. Etter ein open nominasjon tildeler ein komité prisen, tradisjonelt til ei masteroppgåve eller ei ph.d-avhandling. Prisen er oppkalla etter fagfeltets første professor.

Anne Hvenekilde (1940–2001) er kjend for sitt store arbeid for bygge opp fagområdet som forskingsfelt og utdanningstilbod. Ho la stor vekt på å stimulere andre til engasjement i feltet. Ho synte ei særskild omsorg for hovudfagsstudentar som involverte seg i fagfeltet ved å støtte og synleggjere deira innsats på området.

Prisen vart først tildelt i 2004. Prismottakarane fekk det ærefulle oppdraget å halde Anne Hvenekilde-førelesning på NOA-konferansen.

I år var førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk Randi Myklebust frå Høgskulen i Volda, ei av dei som fekk prisen og dette oppdraget.

Sjå program for konferansen.

Del på