Rekordstor forskingspublisering ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Dei fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda har i 2020 publisert meir enn nokon gong tidlegare. Høgskulen har ein auke i forskingspublisering på heile 74 prosent frå 2019 til 2020 og alle avdelingane har auke i publiseringa. 

– Dette er svært gledeleg og svært viktig for Høgskulen, seier rektor Johann Roppen og rosar dei fagtilsette og avdelingane for godt arbeid. 

Mykje godt på gang

Roppen fortel at det er for tidleg å seie kva som er årsaka til at Høgskulen i Volda har eit så kraftig hopp i forskingspubliseringane. 

– Eg håper at dette ikkje er eit blaff, men at vi også i komande år får mykje god forsking og god publisering. Vi har kome godt i gang med doktorgradsutdanninga i helse- og sosialfag, vi har planar om nok ei doktorgradsutdanning, vi har fått tilslag på nokre fleire forskingsprosjekt og vi har svært mange forskingsgrupper i sving.

Når vi no også har lyst ut 17 doktorgradsstipend i 2021 og 14 i 2020 så ligg det godt til rette for mykje spennande og viktig forsking også i åra som kjem, seier rektoren.

Fouprisen 2020
Rektor Johann Roppen og FoU-prisvinnar ved Høgskulen i Volda 2020 Inger Marie Okkenhaug, som er ein av mange fagleg tilsette som publiserte vitskapleg førre år.

Ikkje koronarelatert

Roppen tvilar på at koronaen og arbeid heimanfrå er årsak til den kraftige auken i publisering. 

– Dei fleste bøkene og artiklane som har vorte publiserte i 2020 var i arbeid før koronaen slo til og mesteparten av 2020 var dei fleste på sine vanlege arbeidsplassar. Så først om eitt år vil vi sjå kva verknad koronaen har hatt når det gjeld publisering. 

Best i landet

Om ein går inn i detaljane i publiseringa så viser statistikken at dei tilsette ved Høgskulen i Volda har publisert ca. 200 artiklar og bøker i 2020. I 2019 vart det publisert ca. 125 bøker og artiklar. Bøker og artiklar i vitskaplege tidsskrift vert vekta og gitt poeng etter eit nasjonalt system. Målt etter slike publiseringspoeng har Høgskulen i Volda ein auke frå 108 til 189 poeng frå 2019 til 2020, og dermed vert det ein auke på 74 prosent. 

Med det publiserte dei tilsette ved Høgskulen i Volda mest per fagtilsett av dei statlege høgskulane i landet. Samstundes som ein også hadde den markant største auken i publiseringspoeng av universiteta og dei statlege høgskulane. 
 
Fordelt på avdelingar så står Avdeling for humanistiske og lærarutdanning for ca. halvparten av publiseringa ved Høgskulen i Volda. Avdeling for mediefag har svært gode publiseringstal for 2020 og står for over ein fjerdedel av publiseringane. Avdeling for samfunnsfag og historie står for 15 prosent og Avdeling for kulturfag har ca. 10 prosent. Nokre få tilsette i fellesadministrasjonen har også publisert i 2020. Alle avdelingane har auka publisering frå 2019 til 2020. 

 

Samla publisering

 

 

Publisering pr fagleg tilsett

 

 

 

2019

2020

Endring

2019

2020

Endring

AHL

49

92

88 %

0,49

0,91

86 %

AKF

10

16

60 %

0,35

0,54

54 %

AMF

24

50

107 %

0,50

1,27

154 %

ASH

24

28

17 %

0,42

0,49

17 %

HVO i alt

108

189

74 %

0,46

0,82

78 %

Tala for publisering i 2020 for alle høgskular og universitet vart gjort kjent fredag 9. april 2021. 

Del på