Religionspedagogisk forskarforum i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

fe974c4bec1c7b9d6cb3c64f2ad41fffBente Afset frå Institutt for religion, livssyn og etikk og NoReFo-leiar Oddrun Bråten, NTNU. Norsk Religionspedagogisk Forskerforum er ein arena for forskarar og doktorgradsstudentar i UH-sektoren. Forumet ønskjer å stimulere til og auke forskinga på områda religion, tru og utdanning samt å fremje samarbeid om slik forsking.  

Konferansen tok til med ein presentasjon av to aktuelle forskingsprosjekt ved HVO.

Katolske immigrantar

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Hedmark og professor II i idé- og kristendomshistorie ved Høgskulen i Volda. Han orienterte om eit forskingsprosjekt om polske arbeidsinnvandrarar og den katolske kyrkja på Sunnmøre. Det har vore ein stor auke i talet på innvandrarar frå katolske land og katolikkane er den største innvandringsgruppa regionalt og nasjonalt. Dette arbeidet er presentert i boka Kristne migranter i Norden.  Arbeidet er også sentralt i eit nytt masteremne i Master i kulturmøte ved HVO.

1bdc1d57bbad8a2e52574eacbc20563cAnders Aschim.

Toleranse

Bente Afset orienterte om eit prosjekt om toleranse. Dette arbeidet vil bli presentert i ei bok som kjem ut i 2017. Boka vil få tre delar: toleranse i ein (moral-) filosofisk kontekst, toleranse i kyrkje og misjon og toleranse i skule og samfunn. Redaktørane er HVO-forskarane Bente Afset, Birger Løvlie og Arne Redse.

02f5bfc942833276c289fb657e6d116bBente Afset.

Sjå vidare program her.

Del på