Sæther fekk FoU-prisen under opninga av Forskingsdagane 2024
– Eg har alltid hatt interessa for dei store spørsmåla om liv og meining og natur. Gjennom forskinga har eg kunna teke det ned på eit meir konkret plan, seier prisvinnar Knut-Willy Sæther.
– Eg har alltid hatt interessa for dei store spørsmåla om liv og meining og natur. Gjennom forskinga har eg kunna teke det ned på eit meir konkret plan, seier prisvinnar Knut-Willy Sæther.
Fredag 20. september var det offisiell opning av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO).
Helse er det nasjonale temaet for Forskingsdagane 2024, og festivalen fyller 30 år i år. Fram til 26. september kan alle store og små som er nysgjerrige på forsking og vitskap, få med seg mange spennande gratisarrangement på HVO og i nærområdet.
FoU-prisen 2024 til professor ved Institutt for religion og livssyn
Kvart haust opnar Forskingsdagane ved HVO med tildeling av prisen for forsking og utvikling (FoU-prisen). Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot forskings- og utviklingsarbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.
Årets prisvinnar er Knut-Willy Sæther (54), professor ved Institutt for religion og livssyn. Sæther har arbeidd ved HVO sidan 2008. Han har doktorgrad i religionsfilosofi frå NTNU (2005) og fekk opprykk til professor ved HVO i 2017.
Heidra som internasjonal, tverrfagleg og kollegial forskar
– I dag heidrar vi ein særdeles dyktig forskar og kollega. Han har søkt på og fått mange store forskingsmidlar og har eit utbreidd tverrfagleg samarbeid her på HVO, nasjonalt og internasjonalt, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, som overrekte FoU-prisen til Knut-Willy Sæther på vegner av høgskulestyret.
Prisvinnaren hausta mange lovord. Tonheim trekte mellom anna fram at Sæther jamleg publiserer vitskapleg og evnar å balansere fagleg breidd og djupn på ein god måte, og at han bidreg aktivt til ein akademiske fellesskap.
– Han legg også ned ein stor innsats i å rettleie andre tilsette når det gjeld publisering, opprykk og spørsmål knytte til forsking og publisering. Han oppmuntrar kollegaer til vitskapeleg skriving og publisering, og han hjelper i prosessen og er flink til å drage andre med seg, roste rektor i sin gratulasjon til prisvinnaren.
Høgskulelektor Hildegunn Hovde ved Avdeling for kulturfag skjenkte publikum stemningsfulle vokalnummer. Ho opna med den melankolske folketonen «Jesus, gjør meg stille» og fekk forsamlinga med på «Stave, Stave Stenegård» i fascinerande kjedesong.
Professor med mangslungen bakgrunn
Knut-Willy Sæther tok seg tid til ein prat før tildelinga, og det var ein glad prisvinnar vi fekk i tale.
– Dette synest eg var kjekt, og eg er takknemleg for ei slik påskjøning for eit arbeid som er viktig for høgskulen.
Den tverrfaglege innsatsen til Sæther blei trekt fram i grunngivinga for pristildelinga. Professoren har mange strengar å spele på frå eigen bakgrunn: utdanning innan både realfag og humaniora, arbeidserfaring som blant anna lektor og rektor i vidaregåande skule og ein solid fot i naturen, noko vi skal kome tilbake til.
– Etter doktorgraden i 2005 skjønte eg at retninga mi blei meir inn mot akademia. Her i Volda har eg vore fagleg tilsett heile vegen, men også vore på forskingsopphald i USA, og eg trivst godt ved HVO.
Dei store spørsmåla som fagfelt
Fagområdet som Sæther i hovudsak forskar innanfor, er religionsfilosofi. Det medfører ein forskingskvardag der det sjeldan er to strekar under svaret.
– Religionsfilosofi er ei litt opa nemning som kan forståast ulikt, og feltet er tverrfagleg av natur. Litt breitt kan vi seie det handlar om filosofisk refleksjon rundt religion og livssyn – og då kjem ein ofte også innom fleire andre ulike fagområde.
Kva har drege deg mot interessa for religionsfilosofi?
– Vegen blir jo litt til medan ein går, men eg har alltid hatt interessa for dei store spørsmåla om liv og meining og natur. Gjennom forskinga har eg kunna teke det ned på eit meir konkret plan. Dette har også teke ulike former og retningar avhengig av kva tema det har vore interessant å utforske.
Mange av oss grublar vel på dei store spørsmåla iblant, men kva appellerer til deg ved å skulle forske på dette?
– Det handlar mest om å få ei djupare forståing av ting eller fenomen og av kva folk har tenkt eller trudd om desse opp gjennom tida.
Sjølv om fortida er ei gullgruve, har det for Sæther blitt stadig meir aktuelt å forske på kva folk seier eller meiner om dei store spørsmåla no – «dagsaktuelle ferskvarer», som han seier.
– Eg undersøkjer korleis folk opplever til dømes tru og naturopplevingar, som er ein ganske stor tematikk eg har vore mykje innom dei siste åra.
Lidenskap inn i forskinga
Naturvitskapen han først studerte, har Sæther på eit vis funne tilbake til når kombinerer religionsfilosofi og naturopplevingar i tverrfaglege forskingssamarbeid.
– Synet på naturen ligg der også som ein tematikk gjennom mykje av filosofihistoria og det religionsfilosofiske – og så er eg jo relativt naturglad sjølv.
Professoren vil helst snakke fag, men vi må nesten få skyte inn at Sæther også har lang erfaring som fjell- og breførar i Jotunheimen. Lidenskapen for fjellet gjer han kanskje ekstra merksam på kva slags resonans naturen har for oss i det moderne samfunnet.
– Vi ser fleire slike straumdrag i dag, alt frå berekraft til bevaring av natur, og vi ser ei revitalisering av økofilosofiske tankar, til og med økoteologi og økospiritualitet – og dét har eg hekta meg ganske godt på.
Samarbeid og tverrfaglegheit er nøkkelen
I virket som forskar set Sæther pris på å dyrke sjølve prosessen i arbeidet.
– Det er prosessen vi både likar å vere i og strevar med: gleda og frustrasjonen ved å prøve å utvikle noko som ikkje er gjort før, og å klare å dytte seg sjølv framover i tankegangen – og ikkje minst dele kunnskap i samarbeid med andre. Dette siste er eit veldig viktig poeng for meg. Det er definitivt ikkje forsking berre for min eigen del; eg er veldig glad i å skrive og jobbe i lag med andre.
Engasjementet for tverrfagleg samarbeid er ein viktig grunn til at Sæther får FoU-prisen 2024. Han leier forskingsgrupper, byggjer aktivt tverrfaglege nettverk internasjonalt, er ansvarleg redaktør for den vitskaplege skriftserien Religionsfag Profil i fleire år, har sett HVO på kartet gjennom internasjonale konferansar – og haustar ikkje minst lovord som ein god og raus kollega.
Kvifor er samarbeid så viktig for deg?
– Det handlar mellom anna om at ein utfordrar seg sjølv og kan utfylle kvarandre i perspektiv og metode. Her i Volda har det til dømes vore nyttig å få samarbeide fagleg med friluftslivsmiljøet.
HVO-professoren er også oppteken av at ein løftar kvarandre ved å jobbe saman.
– Spesielt i humaniora blir forsking ofte ein einsam prosess for mange. Eg støttar veldig ein akademisk heiekultur, det er slik eg har fått utvikla meg – og dette handlar meir om kjemi og psykologi ein kva ein står for fagleg.
Naturen som brennpunkt
Når professor Sæther får eit spørsmål, tek han seg ofte god tid til å tenkje før han svarer. Kanskje er det instinktet til ein erfaren rettleiar og lærar å svare med pedagogisk intensjon. Kanskje er det religionsfilosofen som alltid ser rommet for refleksjon.
Kva er du mest nøgd med i forskarkarrieren din?
– Det er nok dei arbeida der eg merkar at faginteressa og det tverrfaglege klikkar godt i hop, smiler Sæther, mens han kvardagsleg hentar fram nokre bøker han har fått publisert opp gjennom åra, frå ei velfylt bokhylle på kontoret.
– Nokre av desse prosjekta har sjølvsagt tatt litt tid. Eg skreiv boka Naturens skjønnhet (Cappelen Damm, 2017) for nokre år sidan. Prosessen med denne boka var ei oppdagingsreise i møtet mellom naturen og spørsmåla om estetikk, som eg har jobba ein del med.
Sæther vil også drage fram eit samarbeidsprosjekt han har hatt dei siste åra med ein kollega frå Princeton, noko som har resultert i antologiar som til dømes om natursyn og dualisme.
Du er jo professor i religionsfilosofi. Kan gudstru eller religionsfaget kome i vegen for å diskutere fritt vitskapleg?
– Ein kan nok lettare bli pensa inn på spørsmål om tru berre på bakgrunn av faget, men det tek ikkje plassen til faglegheita vi skal målbere. All akademisk og vitskapleg verksemd skal vere reflektert og kritisk, og ikkje minst skal vi stille kritiske spørsmål til kva vi sjølve driv med – og det er dette som ideelt sett gjer at vi kjem vidare i tenkinga.
Sårbar natur som bakteppe for meir spiritualitet i dag
Kva er så draumeprosjektet til FoU-prisvinnaren? Sæther dagdrøymer ikkje om noko flunkande nytt, men ser derimot fram til å få utvikle vidare forskinga si på trendar i tida knytte til naturen.
– Vi har til dømes ei bølgje i tida med at folk kallar seg spirituelle heller enn religiøse, og gjerne då med naturen som arena. Eg jobbar med eit prosjekt om økospiritualitet, som er ei populær greie no, litt på linje med økofilosofien til Arne Næss for nokre tiår sidan.
Sæther fortel at forskinga skisserer mange potensielle og samklingande årsaker til eit oppsving for spiritualitet blant unge: alt frå ein reaksjon på sekulariseringa av samfunnet til at klimaendringane skakar i grunnvollane våre som menneske her på jorda.
– Eg vil gå litt i djupna på kva økospiritualitet kan vere, og også kanskje kva det bør vere som eit fagområde, som det jo har blitt – og det tek nok litt tid, smiler han.
Ber yngre forskarar våge å vise att, men ikkje låse seg til stress
Samtidig som Sæther ser framover til utfordringane han ønskjer å gi seg i kast med vitskapleg, vil han dele nokre gode råd med dei som kjem etter i den akademiske løypa, i ei tid med store omveltingar i sektoren. For det er ikkje berre-berre i dag å unngå å brenne lyset i begge endar som forskar.
– For min del har det vore veldig viktig å vere inkludert i eit miljø som støttar og stimulerer. Spesielt tidleg i ein akademisk karriere treng ein dette, fram til ein finn sin plass – og dette er eit institusjonelt ansvar: Nokre gonger må enkeltakademikarar omtrent finne opp hjulet att sjølve, og det kan vere tidkrevjande og i verste fall øydeleggjande, understrekar professoren med engasjement i blikket.
Sæther fortel at ein viktig grunn til at han sjølv enda opp som forskar akkurat i Volda, var nettopp at Institutt for religion og livssyn ved HVO er eit nasjonalt kjent og livskraftig fagmiljø.
– Ein må også våge å vere tilstrekkeleg framoverlent – tore å seie «her er eg!» Gjer du ikkje det, er det ikkje gitt at alle miljø får deg fram. Samtidig skal ein ikkje stresse for mykje med å skulle vere der og der i karrieren om tre eller fem år. La vegen bli litt til undervegs medan du utviklar deg i faget, rår vinnaren av FoU-prisen 2024, professor Knut-Willy Sæther.