Skeive liv på bygda i fokus
Forskingsmiljøet «Bygdepride – transformativ retorikk» inviterte til seminar ved Høgskulen i Volda (HVO) i haust. Både forskarar, aktivistar og andre interesserte kom for å lytte og ta del i samtalane.
Om lag tretti personar, både forskarar, aktivistar og andre interesserte, møtte opp på seminaret i oktober for å høyre om og samtale om pride-markeringar på bygda og levekår for skeive på bygda.
Dekan Silje Ims Lied opna seminaret før Rune Sæbønes frå Bygdepride og HVO-førsteamanuensane Yasemin Hacioglu og Gudrun Kløve Juuhl ønskte velkommen. Dei to HVO-forskarane opna den faglege bolken med innlegget «kvifor forske på bygdepride».
Svensk pride og skeive minoritetar
Universitetslektor Anna Olofsdotter Lööv ved Mittuniversitetet i Sverige har forska på pride-festivalar på bygda i nabolandet vårt. Ho fortalde om korleis Sverige har vore tidlegare ute enn Noreg på dette feltet. Lööv tok også føre seg korleis rurale pride-markeringar utfordrar førestillingar både om bygda som heteronormativ og skeive liv som knytte til storbyen.
Helga Eggebø er forskar ved Nordlandsforsking. Ho fortalde om ny forsking på skeive liv på bygda i Noreg etter 2010 og dessutan om forskjellar og fellestrekk mellom å vere skeiv på bygda og skeiv innvandrar.
Panelsamtale og innspel til forskarane
Etter innlegga frå Lööv og Eggebø var det tid for panelsamtale om skeive liv og skeiv synlegheit på bygda. HVO-prorektor Eirik Søvik leidde samtalen mellom forskar Anna Olofsdotter Lööv, Bygdepride-startar Rune Sæbønes og Bjørn Widvey frå Skeivt arkiv.
Mot slutten var det også høve til innspel frå salen om forskingsbehov og forskingsidear til fagmiljøet.
– Seminaret var prega av diskusjonar der erfaringsbasert og forskingsbasert kunnskap møttest, oppsummerer arrangørane Hacioglu og Kløve Juuhl, som er nøgde med gjennomføringa av arrangementet ved HVO.
Dagen etter seminaret blei det også invitert til eit relatert forskingsseminar, der deltakarane ville utforske moglegheitene for nye tverrfaglege samarbeid knytte til rurale pride-arrangement.