Signerer avtale om samarbeid
Høgskulen i Volda (HVO), Ørsta kommune og Volda kommune har signert ein avtale om samarbeid om lærarutdanningsskular (LU-skular). Samarbeidet har sitt utspring i ei stor og langsiktig satsing som ein del av den nasjonale strategien Lærarutdanning 2025. – Målet er å utvikle kvalitet og samarbeid i lærarutdanninga, seier prosjektkoordinator Kari Leikanger Buset.
Høgskulen i Volda (HVO), Ørsta kommune og Volda kommune har signert ein avtale om samarbeid om lærarutdanningsskular (LU-skular). Samarbeidet har sitt utspring i ei stor og langsiktig satsing som ein del av den nasjonale strategien Lærarutdanning 2025. – Dette er ei utviding av den ordinære avtalen om praksisopplæring i grunnskulelærarutdanningane og har som mål å utvikle kvalitet og samarbeid i lærarutdanninga, seier prosjektkoordinator Kari Leikanger Buset.
Gjennom partnarskap skal det utviklast eit tett samarbeid mellom Øyra skule, Velle skule og grunnskulelærarutdanningane (GLU) ved Høgskulen i Volda. Eit sentralt tiltak i dette arbeidet har vore å etablere eit tett samarbeid mellom faglærarar ved HVO og lærarane ved det to praksisskulane.
Målsettingar er:
- å utvikle kunnskap om korleis ein kan styrke elevane sin motivasjon og læring
- å styrke skulen si evne til å utvikle seg systematisk og forbetre lærarane si kompetanse
- å styrke lærarutdanninga gjennom større integrering av disiplinfag, profesjonsfag og praksis
- å gjere forsøk med nyskapande undervisning innanfor trygge rammer
- å støtte og utvikle profesjonell praksisopplæring med høg kvalitet
- å støtte og utvikle praksisnære FOU-prosjekt
- å drive forsking og utviklingsarbeid i skulane
- å drive forsking og utviklingsarbeid i lærarutdanninga
Samarbeidet som har kome godt i gang, har så langt vore retta mot modellering av undervisning og utveksling av fagpersonell.
– Parallelt med prosessen knytt til sjølve avtalen, har det vore arbeidd systematisk med å kome fram til relevante fokusområde for konkret innhald i partnarskapet. I vidare arbeid med prosjektet, vert det lagt stor vekt på involvering av alle medarbeidarane. Då vil også studentane vere representerte, seier prosjektkoordinator Kari Leikanger Buset.
Det å utvikle og endre praksis tek tid, og i dette arbeidet vert etablert kunnskap utfordra. Det handlar om å endre lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og forskarar sine arbeidsmåtar gjennom nye former for samarbeid.
Allereie no gir samarbeidspartane uttrykk for at utviklingsstrategien som er i ferd med å ta form, har potensial til å bli ein varig utviklingsstrategi.
– Målet er betre skule og betre lærarutdanning, og sjølv om det er berre to skular som er inne i lærarutdanningssamarbeidet så langt, er ikkje tanken at det skal stoppe her. Erfaringar frå partnarskap mellom HVO og dei to skulane skal delast og utviklast slik at det kan vere med på å støtte alle skulane som tek del praksisopplæringa, avsluttar Leikanger Buset.