– Skjermbruken til barn er på alle sine lepper

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

HVO-professor Siv M. Gamlem og resten av Skjermbrukutvalet har fått eit viktig oppdrag: Korleis skal Noreg best møte utfordringane ved skjermbruken til barn og unge?

– For å vite kva vi skal gjere, må vi ha meir kunnskap om skjermbruk, og det er det som blir vår jobb. Vi skal gå fagleg inn i heile tematikken og sjå han i samanheng med barna si framtid, for vi må ta på alvor det som skjer no, til dømes med tanke på psykisk helse, slår pedagogikkprofessor Siv M. Gamlem ved Høgskulen i Volda (HVO) fast.

Ho kjem rett frå første møte i det nasjonale Skjermbrukutvalet, personleg utpeika av regjeringa Støre. Under leiing av Robert Steen skal ti av dei fremste norske ekspertane på sine fagfelt sjå på konsekvensane av skjermbruken til barn og unge. Utvalet har mellom anna ein lege, ein psykolog, ein økonom, ein sosionom, ein utdanningsforskar, ein lesevitar, ein pedagog og gaming-kompetanse.

– Vi er ei godt samansett gruppe, så det var veldig spennande å høyre den første diskusjonen. Då vi presenterte oss sjølve og kva vi meiner det er viktig å arbeide med, såg vi korleis vi saman kan skape eit godt, heilskapleg bilete av denne viktige tematikken, seier Gamlem.

Må lytte til barn og unge

Utvalet skal gi Kunnskapsdepartementet eit solid kunnskapsgrunnlag, gode råd og forslag om tiltak i form av ein NOU innan 1. november 2024. Aldersgruppa dei skal undersøkje, er 0 til 19 år, og mandatet til utvalet legg ikkje skjul på at temaet er komplisert.

– Det er mykje vi skal sjå på. Vi har rom for å avgrense, men regjeringa er veldig tydeleg på kva vi skal gi svar på – og det er omfattande. Vi har derfor fått ganske store rammer til å jobbe i halvanna år totalt, men allereie i desember i år skal vi levere delrapportar, fortel Gamlem.

Utvalet skal ikkje slå inn opne kunnskapsdører, og arbeidet skal ikkje gå føre seg i eit vakuum. Utvalet skal utfylle både tidlegare utgreiingar og relatert arbeid i departementa i dag. Dei kan bestille inn rapportar der ein veit for lite, og barn og unge skal involverast tidleg og direkte.

– Det er så viktig at barn og unge får medverke med sine stemmer. Der barna tidlegare var aktive mottakarar, produserer dei no innhaldet sjølve. Ting endrar seg raskt, så skal vi ta barn og unge på alvor, må vi vite korleis dei sjølve opplever skjermbruken. Kunnskapen og kompetansen utviklar seg så fort at foreldregenerasjonen ikkje lenger fungerer som læremeistrar heime, seier Gamlem.

Ho meiner vi ser effektane av at marknadskreftene i for stor grad har fått løpe løpsk.

– Før fekk barna kjøpe seg litt godteri på laurdag. No er godtebutikken open døgnet rundt, for godteriet i dag er skjermtida. Barna utviklar skjermkompetanse veldig fort, men problemet er at dei ikkje har filter på kva dei faktisk ser og gjer, og at vi framleis veit for lite om korleis dette påverkar barn og unge.

Skal foreldre vere bekymra?

Det kan vere lett for foreldre å bli bekymra for skjermbruk dersom det offentlege ordskiftet har ei einsidig vektlegging av det negative ved til dømes nettbrett i skulen. Gamlem meiner at eitt problem kan vere mangelfull forståing og bastant argumentasjon – utan at ein tek omsyn til kompleksiteten.

– Du har bekymringane, og du har moglegheitene. Det er veldig viktig å sjå begge sidene opp mot kvarandre. Det digitale gir oss læringsmoglegheiter og ein del potensial – men då må det brukast på dei rette måtane. Det handlar om å utvikle kunnskap og kompetanse innan skjermbruk, seier pedagogikkprofessoren.

Som forskar har ho sett mellom anna gjennom DigiHand-prosjektet at det i skulen handlar om å nytte digitale verktøy med kløkt. Dei dyktige lærarane er flinke til å variere og ser kva tid nettbrettet er eit viktig verktøy, og kva tid ein skal gjere andre ting.

– Skjermbrukutvalet skal gi regjeringa eit betre kunnskapsgrunnlag om korleis barn og unge sin skjermbruk i barnehage, skule og fritid påverkar helse, livskvalitet, læring og oppvekst. Vi treng kunnskap om skjermbruk i alle delar av barn og unge sin oppvekst, forklarer Gamlem.

Eit lite barn med nettbrett.
Digital kompetanse er viktig i heile livsløpet. Foto: StockSnap, Pixabay. Fri lisens.

Skulen og heimen må vere på lag

HVO-professor Gamlem meiner at eit viktig tiltak er å få meir dialog mellom heim og skule om skjermbruk.

– Om foreldra skuldar på at det er for mykje skjermbruk i skulen, og skulen skuldar på at det blir for mykje skjermbruk på fritida, så har vi eit problem – vi må heller sjå på det samla og heilskapleg. Nokre barn er også meir sårbare for eksponeringa enn andre, og det er det viktig å ta omsyn til. I tillegg må vi sjå på lesekompetansen i lys av skjermbruk og framveksten til digitale læremiddel, når vi veit at norske barn no kjem dårlegast ut i leseundersøkingar og slit med å lese samanhengande tekstar.

Forskaren framhevar at foreldre må vere bevisste på kor tidleg i livet dei set standarden i heimen.

– Korleis blir eit barn forma? Det vi vaksne gjer, formar det barna sjølve forventar at dei skal gjere. Så korleis er skjermbruken vår? Kor mykje sit vi framfor TV-en? Pratar vi med barna, eller har vi auga i skjermen? Kva gjer vi? Modelleringa av kva barna ser, og kva dei trur dette handlar om, begynner veldig tidleg. Digital kompetanse handlar mellom anna om å forstå kva påverknad desse media har på barna. Kanskje må det begynne med skjermkompetanse allereie hos helsesøstera for ferske foreldre, for i barnehagen og barneskulen har barna allereie fått forma forståinga si.

Fruktbart arbeid for fagmiljøet og studentane i Volda

Sjølv om professor Gamlem er personleg utpeika til å sitje i utvalet, er ho oppteken av at denne typen representasjon kan bidra til å både synleggjere og styrkje fagmiljøa ved Høgskulen i Volda.

– Utvalet skal ha medverking, så det blir viktig for meg å kunne diskutere arbeidet med kollegaer frå HVO som sit med ulik kompetanse, slik at vi får utnytta potensialet i ekspertisen som finst i Volda. Og dette gjeld ikkje berre ved høgskulen, men gjennom lokalmiljøet: foreldre, studentar og alle dei som i kvardagen ser kva som skjer med barna.

Gamlem meiner det også er viktig at ein ved lærarutdanninga tek ekspertisen ein byggjer opp gjennom forsking og representasjon, vidare ut til studentane.

– Lærarstudentane treng også kunnskap om skjermbruk, og dei må kunne møte foreldra godt i skulen. I tillegg kan ny innsikt hjelpe oss å rigge gode og relevante forskingsprosjekt for framtida.

Meir kunnskap er nøkkelen

Skjermbrukutvalet har mykje viktig arbeid i vente. Og sjølv om temaet er ei varm potet i samfunnsdebatten, må det kalde hovud til når ein skal leggje til rette for ein kunnskapsbasert politikk.

– Barna sin skjermbruk er på alle sine lepper no, og det er mykje meiningar der ute. Men vi er nøydde til å ha ei mykje større forståing for å vite kva tiltak som kan fungere, elles blir det berre synsing. Vi treng informasjon frå både nasjonal og internasjonal forsking, og kunnskapen må formidlast og utviklast i skulen, i barnehagen og i heimane.

Når alt kjem til alt, er du sjølv teknologioptimist eller -pessimist?

– Eg seier ja takk, begge delar. Eg meiner ein må hente det beste frå begge ståstadene. Som lærar vel ein kva ein vil bruke verktøya til, men bruken må basere seg på at ein har kompetanse om kva ein gjer, og forstår kompleksiteten i det ein står i. Det trengst kunnskap, avsluttar HVO-professor Siv M. Gamlem, som no altså skal vere med og skaffe den nødvendige kunnskapen til regjeringa som handplukka ekspert i Skjermbrukutvalet.

Del på