Planlegg skuleleiarkonferanse i Ålesund i 2018

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Frå venstre: Rådgjevar Ole Frank Bakken (HVO), Maren Aaland (fylkesmannen), Trond Otto Berg (KS) og Tore Fosseidet (Utdanningsforbundet).

- Oppdatert

– Høgskulen i Volda er initiativtakar til ein nasjonal konferanse for skuleleiarar i Ålesund i april 2018. Eit sentralt tema vil vere «trygg skule», seier rådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Dei som no har ansvaret for innhald og gjennomføring av denne konferansen er ei planleggingsgruppe med representantar frå Høgskulen i Volda, Skuleleiarforbundet, Utdanningsforbundet, Kommunenes Sentralforbund (KS), fylkesmannen og fylkeskommunen.

– Det er litt tidleg å gå ut med detaljar no, men under paraplyen «trygg skule» tenkjer vi oss innlegg frå høgt kompetent hald om mobbing, nettproblematikk, psykisk helse, læringsmiljø og skuleleiaren sitt ansvar, seier rådgjevar Bakken.

 

Meir om skuleleiarkonferansen TRYGG SKOLE, påmelding m. m.

Del på