Sol, forsking og papirarbeid – eit halvår i USA

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Forskarparet Pernille og Arve Fiskerstrand tok med familien til solfylte Santa Barbara på eit opplevingsrikt forskaropphald.

– Vi var aldri usikre på kvar vi skulle reise. USA var det naturlege valet for forskingsfelta våre. Det var også ein fordel for språkutviklinga vår, og ikkje minst for ungane sin del, fortel førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand ved Institutt for språk og litteratur på Høgskulen i Volda (HVO).

Familien på fem landa i USA i desember 2022. Med i sekken hadde Pernille eit FoU-stipend knytt til forskingsprosjektet DigiHand, medan ektemannen, HVO-lektor Arve Fiskerstrand ved Institutt for realfag, kom med FoU-stipend integrert i doktorgradsløpet sitt innan matematikkdidaktikk.

Begge fekk innpass ved University of California Santa Barbara (UCSB) i den vesle universitetsbyen Goleta, som ligg ved sørkysten av California og kan nå 32 °C i julemånaden – nokre hakk varmare enn heimstaden Ulsteinvik.

Familien Fiskerstrand med alternativ julefeiring i California.
Ut med ski, inn med badering: ei annleis jul for familien Fiskerstrand. Her er yngstejenta på veg til bassenget. Sjølv om det var tidleg mørkt i jula, var det fin badetemperatur. Foto: privat.

Mykje å planleggje

– Vi hadde fått tips om UCSB, og vi kontakta derfor kvar vår fagperson for å spørje om dei ville vere «visiting host» – ein som signerer på at du er velkomen, og på at forskinga du skal gjere, er relevant for institusjonen. Vi var veldig heldige, og det tok ikkje lang tid før vi begge fekk positivt svar, seier Pernille.

Etter det positive svaret fekk ekteparet nøgda av smått og stort å fikse før dei kunne pakke kofferten: formell invitasjon, visumsøknad, attestar, forsikring, skattepapir, ambassadebesøk, skuleplanlegging og husjakt – for å nemne noko.

– Mange kveldar og helger gjekk med til papirarbeid på førehand, understrekar Pernille.

Ny kvardag for barna

Dei tre barna i alderen 11–17 år skulle få bryne seg på amerikansk skulegang i eit halvår, noko som ikkje var berre-berre. Fire dagar etter framkomsten frå Noreg var dei på plass på skulebenken.

– For dei to eldste var det mest overveldande å kome åleine på skular med over 1000 elevar og der ein skiftar klasse og klasserom kvar time. Yngstejenta gjekk på ein mindre skule, men det var utfordrande for henne i starten at alle fag var på engelsk.

Med tida gjekk det seg likevel fint til – og vel så det:

– Ungane våre fekk gode vener de, og dei blei langt betre enn foreldra i engelsk. Etter kvart tok gjerne yngstejenta over pratinga i sosiale settingar, då ho blei flau av den tydelege aksenten til foreldra, ler Pernille.

Pernille Fiskerstrand med USA-forskar og HVO-besøk.
T.v.: Pernille Fiskerstrand med Charles Bazerman, som kom på kontorbesøk for rettleiing av artikkelen Pernille skreiv på. T.h.: HVO-kollegaene Siv M. Gamlem, Wenke Mork Rogne og Pernille Fiskerstrand saman under eit besøk heimanfrå. Foto: privat.

Stort fagleg utbyte

Etter ein juleferie med alternativ julemiddag og eksotiske soldagar ved bassengkanten kom dei godt i gjenge. Ektefellane fekk også jobbe saman på felleskontor, noko som fungerte fint.

– Det var veldig kjekt! Eg skreiv på ein artikkel saman med HVO-kollega Siv Gamlem, som kom på besøk i april slik at vi fekk gjort analysane saman. I tillegg skreiv eg artikkel med Charles Bazerman, ein av grunnleggjarane av skriveforskingsmiljøet ved UCSB. Han er eigentleg pensjonist, men var tilgjengeleg for meg heile tida, noko som var til stor hjelp og resulterte i at eg fekk skrive ein artikkel meir enn eg hadde planlagt, seier Pernille.

Ho fortel vidare at ektemannen Arve har skrive på ein artikkel med HVO-kollega Arne Kåre Topphol og kome godt i gang med kappa (samanbindingsartikkelen) til doktoravhandlinga si. Han har også skrive artikkel saman med professor i spesialpedagogikk Mian Wang, som er ein internasjonal kapasitet innan heim–skule-samarbeid – feltet som Arve skriv ph.d. på.

– Vi blei også inviterte til møte og seminar i fagmiljø våre, og eg presenterte både DigiHand-prosjektet og mi eiga doktorgradsavhandling for forskingsmiljøet ved UCSB, seier Pernille.

Høgskulen siktar internasjonalt

For Høgskulen i Volda er det viktig at forskarar kan få støtte til å reise på utanlandsopphald.

– HVO skal utføre forsking og fagleg utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå, og då er det nødvendig at forskarane våre har internasjonal erfaring. Vi ser at dei har godt utbyte av meir samarbeid på tvers av landegrenser, fortel HVOs forskingssjef Henriette Hafsaas.

Både stipendiatar og andre vitskapleg tilsette kan reise ut med støtte. I 2023 har dei åtte første utanlandsopphald gjennom ei ny HVO-ordning med støtte til opphald i 1–6 månader, der halvparten jobbar med doktorgradsprosjekt.

– Etter pandemien er det positivt å få fart på internasjonaliseringa att med den nye støtteordninga. USA og Australia har vore mest populært, men vi håper også at fleire vil dra til Europa, som har mange framifrå forskingsmiljø og opnar for samarbeid om søknader til Horisont Europa, seier Hafsaas, og legg til at det snart blir lyst ut støtte for utanlandsopphald i 2024.

Familien Fiskerstrand i California.
Fem blad Fiskerstrand ein solskinsdag i Malibu, på veg heim etter ein tur til Los Angeles. Foto: privat.

Heim med nye impulsar og ressursar

Familien Fiskerstrand er nettopp tilbake på norsk jord. Så snart jetlagen har gitt seg, kan både store og små sjå seg fornøgde tilbake – og mange erfaringar rikare etter halvåret på den amerikanske solkysten.

– Vi sit att med stor takknemlegheit til Høgskulen i Volda, som innvilga heilt nødvendig økonomisk støtte. Vi er veldig glade for at vi heiv oss ut i dette, sjølv om det innebar mykje ekstraarbeid og stress gjennom hausten, smiler Pernille.

Ho understrekar at paret har lært veldig mykje av forskaropphaldet, både som forskarar sjølve og for det vidare arbeidet på lærarutdanninga.

– I tillegg har vi bygd nettverk og fått innsyn i andre måtar å arbeide på, noko som vil vere verdifullt i lang tid. Vi har også fått innsikt i spennande forskingsprosjekt som er direkte relevante for, og som vi vil ta med oss inn i, undervisninga på lærarutdanninga i Volda, fortel Pernille.

Med tanke på alt meirarbeidet som følgjer med, og heilt ærleg: Vil du anbefale andre å gi seg i kast med eit slikt forskaropphald?

– Ja!

Lese- og skriveforskaren svarer først kontant, så nyansert med glimt i auget:

– Ein må samtidig vite at det er eit hav av detaljar som skal på plass, og at det er ein veldig fordel å vere systematisk av seg – eventuelt gift med ein detaljorientert matematikar!

Del på