Sosialfag 50 år – jubileumskonferanse

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Institutt for sosialfag inviterer til jubileumskonferanse i Volda torsdag 31. mars og fredag 1. april i samband med at det er 50 år sidan dei første sosialfagstudentane tok til i Volda. Sosialfag er i dag eit av dei største utdanningsmiljøa ved høgskulen med nærare 400 studentar og om lag 25 fagtilsette, seier professor Kåre Heggen.

Tilbakeblikk

Den første dagen under jubileumskonferansen vil sentrale personar som Kåre Heggen, Hallgerd Conradi, Gunnar Stave og Tor-Johan Ekeland fortelje den fascinerande historia om sosialfagutdanningane i Volda.

Praktisk informasjon og påmelding.

– Opprettinga av distriktshøgskular i Noreg rundt 1970 var ein utdanningsrevolusjon og styrka tilbodet om høgre utdanning i distrikta. Volda fekk ein av dei første DH-skulane, og i 1971 vart 13 studentar tekne opp til det 2-årig studiet i Organisasjons- og velferdsarbeid, allmenn line. Studiet skulle gi studentane kompetanse i miljøarbeid, fritids- og velferdsarbeid i institusjonar, rådgjevingsarbeid, men også meir administrative oppgåver i organisasjonar, fortel Heggen.

Professor Kåre Heggen
Professor Kåre Heggen er ein av pionerane ved Høgskulen i Volda, og han har spelt ei svært viktig rolle for det sosialfaglege miljøet frå tidleg på 1970-talet fram til i dag.  

Vanskeleg start

– Det vart gitt eit vidt spekter av utsikter, og det vart skapt forventningar som ein ikkje kunne innfri. Det var også knapt med lærarar. Ein lånte fagfolk frå mediefag, lokalsamfunnsstudiet og lærarskulen. Mange studentar var frustrerte, ikkje minst på 1971-kullet. Der kunne det ha gått heilt gale. Nokre snakka om å gå til rettssak, minnest Heggen.

Vekst

Trass den vanskelege starten og fare for fullstendig kollaps på slutten av 70-talet, har det sosialfaglege miljøet vakse til å bli eitt av dei største fagmiljøa ved Høgskulen i Volda. 1980 vart det  klart at Volda fekk starte landets første 3-årige barnevernspedagogutdanning. I 1991 fekk ein 3-årig sosionomutdanning. I 2008 utvikla fagmiljøet eit masterstudium i sosial- og helsearbeid og frå 2015 har ein hatt ei ph.d.-utdanning i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde.

– Utviklinga er eit uttrykk for eit svært godt kollegialt samarbeid som har prega instituttet, seier Heggen.

Les meir om historia til sosialfaga i Volda.

Utfordringar for barnevernet

På den andre konferansedagen blir det sett fokus på utfordringar for sosialt arbeid i m.a. barnevernet, NAV, psykisk helsearbeid og arbeidet med minoritetar.

Terum
Lars Inge Terum er ein av dei som vil halde innlegg på jubileumskonferansen.

Her blir det innleiingar av sentrale fagfolk som Kari Killén, Ingerid Aamodt, Lars Inge Terum og Marianne Rugkaasa.

Kari Killén er sosionom, dr.philos. og forskar emeritus ved NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring). Ho har i mange år undervist helse- og sosialarbeidarar i Norden og internasjonalt. Dei siste åra har ho særleg forska på tidleg samspel mellom foreldre og barn og tilknyting, metodeutvikling i forhold til omsorgssvikt og forebyggande arbeid. Ho har skrive fleire bøker om temaet, som er oversett til ei rekke språk.

Ingerid Aamodt er klinisk sosionom og barnevernspedagog, cand. polit. i sosialt arbeid. Ho arbeider ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Øst og Sør og har markert seg i faglege debattar innan sosialfeltet. Aamodt studerte sjølv ved Distriktshøgskulen i Volda i byrjinga av 70-talet.

Lars Inge Terum er sosiolog, og professor ved Senter for profesjonsstudier ved OsloMet – storbyuniversitetet. Terums forskingsinteresser har særleg retta seg mot trygde- og sosialpolitikk, kvalitet i høgare utdanning, arbeidsinkludering, sosialt arbeid og frontlinjearbeid. Han har publisert ei rekkje bøker og artiklar om desse tema. Terum har også vore professor II ved Høgskulen i Volda. Terum studerte sjølv ved Distriktshøgskulen i Volda i byrjinga av 70-talet.

Marianne Rugkåsa er sosialantropolog og professor i sosialt arbeid ved OsloMet – storbyuniversitetet, Institutt for sosialfag. Rugkåsa er også professor II ved Høgskulen i Volda. Hennar forskningsinteresser er velferdsstat og integrasjon, barnevern og migrasjon, fattigdom og marginalisering. Ho har blant anna skrive om normaliserings- og siviliseringsprosessar i velferdsstaten i Norge og Norden.

Del på