Stadnamnarkivet for Møre og Romsdal flytta til IKA

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Stadnamnprosjektet vart gjennomført i perioden 1985-1995 ved Møreforsking med Peter Hallaråker, Høgskulen i Volda, som prosjektleiar.

Digitalisering av stadnamn i Møre og Romsdal
Kulturnett Møre og Romsdal har tilbode kommunane i fylket digital kartfesting av stadnamna, skriv www.ikamr.no
Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal har inngått eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om databasetenester, mellom anna stadnamnbase for fylket vårt. Stadnamna frå Møre og Romsdal vert no konverterte til ein samla database for heile fylket. Neste steget er å digitalisere eller koordinatfeste plasseringa til kvart namn.

Permanent utlån frå Møreforsking Volda
Nær 200.000 namn vart registrerte i Volda, og av desse er om lag 166.000 digitalisert, dvs. at opplysningane om namna finst i elektronisk form.
Møreforsking Volda er formelt sett framleis eigar av Stadnamnarkivet som no er lånt ut permanent til Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal.


Del på