Stephen J. Walton er tildelt Melsom-prisen 2009

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

cb6289477a8dbe744e1ceb341780d87fcc46d4c3

Professor Stephen J. Walton ved Høgskulen i Volda er tildelt Melsom-prisen 2009
(trykk på bildet for å laste opp høgoppløyseleg versjon)

Melson-prisen er eit diplom og 40.000 kroner.

– Ja, det er kjekt. Slike prisar er ei god oppmuntring til å halde fram med å skrive, sjølv om det var det eg hadde tenkt å gjere uansett, seier den humoristiske professoren.

Skaff deg eit liv! Om biografi vart også nominert til Brage-prisen tidlegare i år.

MELSOM-PRISEN er den største nynorske litteraturprisen og har blitt delt ut kvart år sidan 1924. Prisen skal gå til ein forfattar eller omsetjar som året før har gitt ut ei verdfull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». I år blir prisen for første gong delt ut under Norsk Litteraturfestival. da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

I prisnemnda sat journalist i Bergens Tidende Hilde Sandvik, forfattar Brit Bildøen, begge oppnemnde av Samlaget, og Åshild Nordstrand, oppnemnd av Språkrådet.
Prisen vart i år for første gong  delt ut under Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Utdelinga fann stad torsdag 28. mai kl 19.00 i Maihaugsalen i eit program som heiter "Ragnar Hovland møter Ola Kvernberg trio."

Professor Stephen J. Walton er tilsett ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda.


 

Del på