Tilstandsrapport for høgare utdanning 2015 - HVO står seg godt (oppdatert)

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

Tilstandsrapport for høgare utdanning 2015 vart offentleggjort tysdag 4. mai. Dette er ein brei presentasjon av data om høgare utdanning. Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har gått gjennom tilstandsrapporten og sett på korleis HVO står seg i høve til andre statlege høgskular. Det overordna inntrykket er at HVO gjer det godt. Det er særleg tre område høgskuledirektøren har merka seg at Høgskulen i Volda gjer det godt. Det er gjennomføring av bachelorutdanning, internasjonal studentutveksling og forskingspublisering.

Gjennomføring av bachelorutdanning

I tilstandsrapporten vert det presentert tal for kor mange av bachelorstudentane som starta på utdanning i 2010 og 2011 som gjennomførte utdanninga på tre år. Av studentane som starta i 2010 var det 63,7 prosent som fullførte på tre år. Det er best i landet. Av studentane som starta på bachelorutdanning i 2011 var det 60,8 prosent som fullførte på tre år. Det var nest best resultat blant dei statlege høgskulane.

Internasjonal studentutveksling

Høgskulen i Volda har i mange år vore blant dei aller beste både blant høgskular og universitet når det gjeld studentutveksling. Slik er det framleis, syner tilstandsrapporten. Både når det gjeld innreisande og utreisande studentar er Høgskulen i Volda den nestbeste høgskulen i landet. Les også: Kraftig auke i HVO-studentar til Europa.

Forskingspublisering

Forskingspubliseringa blir målt både i tal artiklar og bøker i godkjende tidsskrift og forlag. Men publisering blir også vurdert i høve til kva kvalitet det er på publiseringane. HVO har lege høgt oppe etter begge desse måla i fleire år, og er i 2014 den 4. beste statlege høgskulen både etter samla publisering  og publisering på høgste kvalitetsnivå (nivå 2). Les meir: Vitskapleg publisering frå HVO-tilsette (2010 og seinare).

Må styrke kompetansen

Når det gjeld fagkompetanse så har Høgskulen som eit strategisk mål at minst 50 prosent av dei tilsette skal opp på førstenivå. Det omfattar stillingskategoriane førsteamanuensis, førstelektor, professor og dosent. Der har HVO i mange år lege over gjennomsnittet for statlege høgskular. Men frå 2013 til 2014 var det berre ein mindre auke ved Høgskulen i Volda samtidig som mange andre høgskular auka sin kompetanse kraftig, og dermed ligg HVO under gjennomsnittet. - Har har vi ein langsiktig jobb å gjere, seier Jacob Kjøde.

Tilstandsrapporten med tabellvedlegg er tilgjengeleg her.

Tal for Høgskulen i Volda og alle statlege høgskular i 2013 og 2014

09e45a119dbbce5ac623f29887a38b37

Sjå tabellen i pdf-format.

Del på