Tor-Johan Ekeland – studieentreprenør og teoretikar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I 2021 feirar sosialfagutdanningane ved Høgskulen i Volda 50 år. Ein av dei sentrale aktørane i utviklinga av desse utdanningane, er professor Tor-Johan Ekeland som nyleg kunne gå over i pensjonistane sine rekkjer. Ekeland har hatt eit særleg ansvar for utviklinga av masterstudiet «Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering» og ph.d.-studiet i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde.

For 50 år sidan kunne den nystarta distriktshøgskulen i Volda ta opp 15 studentar til eit 2-årig studium i «Velferd og organisasjon, allmenn line». Det nye studiet skulle gi studentane kompetanse i miljøarbeid, fritids- og velferdsarbeid i institusjonar, rådgjevingsarbeid og meir administrative oppgåver i organisasjonar.

Jubileum

Sosfag 50 smal50 år seinare er sosialfag eitt av dei største utdanningsmiljøa ved Høgskulen i Volda med sine 400 studentar og om lag 25 fagtilsette. Institutt for sosialfag tilbyr ei rekkje utdanningar frå grunnfag til ph.d.-nivå. Ein viktig milepåle vart nådd i 1980 då den dåverande velferdsutdanninga vart den første treårige barnevernsutdanninga i landet. Ei treåring sosionomutdanning kom i gang i 1991. 50 års-feiringa vil bli markert med ein jubileumskonferanse som grunna koronasituasjonen denne hausten er utsett til mars 2022.

Krise

Professor Tor-Johan Ekeland er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen. Han vart tilsett ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i 1979. Han var rektor ved DH-skulen i perioden 1986-90. Han vart professor i 1997.

Tor-Johan Ekeland
Professor Tor-Johan Ekeland kunne i sommar gå over i pensjonistane sine rekkjer.

– Då eg kom til Volda hausten 1979 var det krisestemning. Det toårige studiet i sosialpedagogikk var sett på pause fordi ein hadde rekna med å kunne få starte sosionomutdanning året etter. Slik gjekk det ikkje. Fagforeiningane til sosialarbeidarane mobiliserte. Det var motstand mot profesjonsutdanningar ved distriktshøgskulane. Politikarar frå Sogn og Fjordane mobiliserte også mot departementet sitt ønskje om å etablere ei sosionomutdanning i Volda. Det heile enda med at Stortinget vedtok å opprette ein ny sosialhøgskule i Florø, ein høgskule som aldri vart realisert, seier Ekeland.

I Volda skapte Stortinget sitt vedtak frustrasjon og dramatikk. Ekstra dramatisk vart det då Ivar Aasen-huset vart råka av brann i desember 1979. På møta i sosialfagseksjonen var det intense diskusjonar om kva ein skulle gjere vidare.

– Nokre meinte at seksjonen kunne leggast ned og fordele ressursane på dei andre utdanningane. Andre prøvde seg med pragmatiske modellar der ein kunne lage ulike vidareutdanningar som kunne styrke det gamle studiet i sosialpedagogikk. Eg høyrde med til desse. Både tidlegare og dåverande studentar mobiliserte og «sto på krava» for ei einskapleg 3-årig utdanning. Kåre Heggen gjekk saman med desse. Heldigvis nådde dei fram, seier Ekeland.

Dette kan ein lese meir om i professor Kåre Heggen sitt notat "Sosialarbeidarutdanning i Volda: Frå ein vaklande start i 1971 til eit av dei største utdanningsmiljøa ved Høgskulen i Volda i 2017. Eit innsideblikk."

Den første treårige barnevernsutdanninga i landet

– I staden for å bli lagt ned får vi den første 3-årige barnevernpedagogutdanninga. Den hadde til då vore 2-årig. Den nasjonale rammeplanen som vart utarbeidd, var i hovudsak ein kopi av planen frå Volda. Dei «gamle» utdanningane var litt sure på at vi vart først. Klimaet på den tida var at vi på mange måtar var «fienden», for akademiske, og for lite opptatt av praksis, seier professor Tor-Johan Ekeland.   

Fagleg entusiasme og sosionomutdanning

Ekeland fortel at det første ti-året i Volda var ei fin tid med mykje fagleg entusiasme.

– Vilkåra for opptak var slik at vi fekk studentar med mykje erfaring og ei fin blanding av eldre og yngre. Det at vi fekk sosionomutdanning i 1991 handla mykje om «timing». Dåverande regjering hadde i statsbudsjettet ikkje foreslått fleire slike utdanningar. Grete Knutsen, AP-politikar frå Hordaland, var på den tida både leiar for det statlege  Rådet for helse- og sosialarbeidarutdanningane, der eg var medlem, og leiar av utdanningskomiteen i Stortinget. Ho hadde eit ærend for å få sosionomutdanning til Bergen, men skjønte at skulle det gå, måtte ho ha eit breiare opplegg. Sidan vi hadde ein studieplan liggande, kunne vi hive oss på dette toget, saman med Agder og Lillehammer. I budsjettforhandlingane i Stortinget gjekk dette igjennom. Sosionomutdanninga førte til ein hurtig vekst ikkje berre i studenttalet, men også i fagmiljøet. Vi fekk ein betre balanse mellom den praktiske profesjonskompetansen og den akademiske.

Integrasjon

På nittitalet vart også tilhøvet mellom sosialarbeidarutdanningane sett på dagsorden.

– Det var sterke rivningar mellom dei som meinte at vernepleiarar, sosionomar og barnevernspedagogar burde ha integrerte studieløp, og dei som ville halde fram som separate utdanningar. Volda var fremst mellom dei som la vekt på mest mogeleg integrasjon.

Masterutdanning og ph.d.-program

Institutt for sosialfag tilbyr ei rekkje utdanningar frå grunnfag til ph.d.-nivå.

– At vi har makta å utvikle både masterutdanning og eit ph.d.-program, er eigentleg fantastisk, sett i lys av at vi relativt sett ikkje er så stort fagmiljø. Den viktigaste føresetnaden for denne utviklinga er solid fagleg kompetanse som har utvikla seg gjennom mange år, understrekar Ekeland.  

Konkurranse om kompetanse

– Det har som kjent skjedd store strukturendringar i høgare utdanning. Sjølv om vi har blitt eit stort institutt ved Høgskulen i Volda (HVO), er vi blitt mindre i nasjonal samanheng. Dei fleste sosialarbeidarutdanningane er no integrerte i dei nye universiteta. Samstundes har marknadsorienteringa auka. Det betyr konkurranse og den største utfordringa for oss er konkurranse om kompetanse. Eit av argumenta for etablering av doktorgradsprogrammet var at vi måtte ta meir ansvar sjølv for utvikling og rekruttering av forskarkompetansen. Det gler meg å sjå at vi alt no har fått tilsettingar av folk som er utdanna i dette programmet.  Vi har i Volda klart det mange av dei andre sosialarbeidarutdanningane har streva med, nemleg å halde fagmiljøa samla og integrert på tvers av profesjon, fagfelt, forsking eller praksisorientering. Det er ein større ressurs ein mange er klar over.

Om sin eigen innsats

– Kva vil du trekke fram som sentralt i ditt virke innanfor dette fagfeltet og i arbeidet med å utvikle fagmiljøet og studietilboda i Volda?

– Det er vanskeleg for meg å svare på. Akademia og HVO har gitt meg høve til å prøve mine evner på mange felt; undervisning, forsking, leiing og utvikling av studieprogram. At det også har kome institusjonen til nytte er som det bør vere, seier Ekeland.  

Les talen professor Jan Inge Sørbø heldt for Ekeland då han vart takka for innsatsen ved Høgskulen i Volda.

Om jubileumskonferansen

– Ein slik konferanse kan sjølvsagt bli til glede for oss som har ei ærerik fortid å mimre om. Eg håper den kan bli noko meir enn det. Helst at den gir inspirasjon for framtida for dei som skal bere vår utdanningstradisjon vidare. Då er faktisk historia viktig. Vi vart etablert i ei tid der det sosiale og samfunnsperspektivet hadde langt betre vilkår enn i dag. Tidsånda no gjer at vi  i staden for det sosiale perspektivet individualiserer og diagnostiserer menneskelege problem. Det er ein diskurs som eigentleg er framandgjerande. Oppgåva med å utdanne sosialarbeidarar som kan forvalte samfunnsperspektivet er difor viktigare og vanskelegare enn nokon sinne, avsluttar professor Tor-Johan Ekeland.

 

Del på