Torhild fekk hjelp til å søkje om opprykk gjennom Kvinneløftet: – Det gjorde at eg våga å trykke på knappen

– Om nokon hadde sagt dette for eitt og eit halvt år sidan, hadde eg ikkje trudd på det, seier den ferske professoren.

Torhild Erika Lillemark Høydalsvik, professor i pedagogikk.

Torhild Erika Lillemark Høydalsvik fekk nyleg opprykk frå førsteamanuensis til professor i pedagogikk. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Del på:

– Eg forstod det ikkje før fleire dagar etterpå, då eg gjekk og surra for meg sjølv, at eg har blitt professor. Om nokon hadde sagt dette for eitt år sidan, hadde eg ikkje trudd på det.

Det fortel Torhild Erika Lillemark Høydalsvik med eit stort smil om munnen. Sist veke fekk ho opprykk frå førsteamanuensis til professor i pedagogikk.

Tilsettingsutvalet for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) stadfesta vurderinga etter at Høydalsvik søkte på ei stilling hjå Høgskulen i Vestlandet.

Deltok i Kvinneløftet

Høydalsvik fortel at ho fekk god hjelp i søknadsprosessen gjennom Høgskulen i Volda sitt kjønnsbalanseprosekt, Kvinneløftet. I mars 2022, etter invitasjon frå forskingssjef Henriette Hafsaas, fekk ho delta i Mentorordning mot toppkompetanse, der deltakarane på tvers av fagfelt har hatt fire samlingar.

– Eg hadde ikkje vore professor no utan hjelpa eg har fått frå mentorordninga. Det styrka trua på min eigen kompetanse og gjorde slik at eg såg kva som mangla før eg sende inn søknaden om opprykk. Denne ordninga har vore utruleg viktig for meg, seier Høydalsvik.

Kvinneløftet er del av BalanseHuben (2021-2022), som er Forskingsrådet si nettverksstøtte, og har som mål å doble talet på kvinnelege tilsette med toppkompetanse og å få fram fleire kvinnelege forskingsleiarar.

– Å høyre mentorane sine erfaringar i eigne søknadsprosessar, diskutere saman, få tilbakemelding på søknadskladden frå mentor som også hadde trua på meg, gjorde at eg våga å trykke på knappen og søkje om opprykk, legg Høydalsvik til.

Les meir: Kraftig kvinnebyks på karrierestigen ved HVO.

Tverrfagleg praksis sentralt i doktorgrad og opprykksprosess

Høydalsvik er utdanna barnehagelærar hjå HVO, har cand.mag.-grad i spesialpedagogikk og pedagogisk rettleiing, i tillegg til cand.polit.-grad i allmennpedagogikk. Før ho byrja å undervise ved HVO i 2008, arbeida i barnehage og vaksenopplæring.

I 2018 tok ho doktorgrad gjennom Ph.D.-programmet Utdanningsvitskap for lærarutdanning ved OsloMet, og disputerte med avhandlinga «Implementering av og tilpassingar til ei endra barnehagelærarutdanning: Ein multimetodisk studie av nye praksisar».

Frå 2013 til 2017 gjekk ho også på Nasjonal forskarskule for lærarutdanning (NAFOL). Høydalsvik seier at ho ikkje kan snakke om hennar framvekst som forskar utan å peike på NAFOL.

– Forskarskulen utvida og gjorde at Volda ikkje kjennast for fagleg smalt. NAFOL gjorde slik at eg kom inn i både internasjonale og nasjonale nettverk med andre studentar, i tillegg til å samarbeide tett med forskarar og professorar i inn- og utland. Det har forma forskaren i meg, seier Høydalsvik.

Sidan 2015 har Høydalsvik også halde på med internasjonale forskingssamarbeid, først og fremst i Jaén og Granada i Spania. Ho er også med i leiinga i to forskingsgrupper ved HVO. Berekraftsdidaktikk, som undersøkjer korleis skular og barnehagar arbeider med berekraftige praksisar, og EMPATI-prosjektet, som undersøkjer danning og utvikling av empati i seks ulike profesjonar.

– Mykje av dette handlar om tverrfaglege praksisar, noko som har vore sentralt i både doktorgraden min og i opprykksprosessen, seier Høydalsvik.

8. mars markerte Høgskulen i Volda både Kvinnedagen og avslutninga av Kvinneløftet, og Høydalsvik fortalde vegen hennar til professor. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.

– Fagmiljøa i Volda er gode!

På spørsmål om korleis det no er å vere professor etter ein lang og omfattande søknadsprosess, svarer Høydalsvik:

– At nokon andre ser og verdset det eg har gått og sulla med, det må eg bruke litt tid på å venje meg til. Og så er det noko med at eg no skal byrje å sjå meg sjølv som professor, og det har eg ikkje hatt så god tid til å gjere enda. Men eg har lært at ein må vere seg sjølv, smiler Høydalsvik.

Ho kjem også med nyttige tips til deg som ynskjer å søkje om opprykk, og til deg som vil arbeide meir med forsking.

– Finn gode rollemodellar og mentorar her, for fagmiljøa i Volda er gode! Ha godt fotfeste i Volda, men løft også blikket ut av Volda. Finn deg professorar og forskingsmiljø ute i verda som er langt framme innan dine forskingsfelt, reis dit og ver der i lengre periodar. Knyt kontat, våg å vere den du er også i internasjonale settingar og hugs å utveksle erfaringar undervegs.

Stor auke i kvinnelege toppkompetente

8. mars markerte Høgskulen i Volda både Kvinnedagen og avslutninga av kjønnsbalanseprosjektet Kvinneløftet.

Professor Torhild Høydalsvik, førstelektor Kari Ryslett og professor Helga Synnevåg Løvoll, alle deltakarar i Kvinneløftet, fortalde om sine opprykksprosessar.

Frå venstre: Førstelektor Kari Ryslett (Institutt for realfag), professor Torhild Høydalsvik (Institutt for pedagogikk) og professor Helga Synnevåg Løvoll (Institutt for idrett og friluftsliv). Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.

Forskingssjef Henriette Hafsaas la også fram resultata av Kvinneløftet, mellom anna at andelen kvinnelege tilsette med toppkompetanse har auka frå under 20 prosent i 2016 til over 37% i 2022.

I årsverk kvinner med toppkompetanse utgjer dette ei dobling, frå 4,5 årsverk i 2016 til 9,8 i 2022.

Forskingssjefen, rektor Johann Roppen og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim sa alle i sine innlegg at arbeidet med å auke talet på kvinneleg toppkompetente har gitt god utteljing, og at arbeidet skal halde fram.

Del på: