– Var kjempelykkeleg då eg fekk lov til å studere

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Professor Jan Inge Sørbø beherskar to heilt ulike faggreiner og tok fredag imot FoU-prisen for det massive forskingsarbeidet han har drive. Noko av inspirasjonen har han henta frå far sin som ikkje hadde pengar nok til å ta høgare utdanning.

Jan Inge Sørbø er yngst av fem søsken, og den einaste i søskenflokken som har tatt høgare utdanning. Han er født i 1954 og då han etter kvart vaks opp og alderen tilsa at han kunne starte på eit universitet, var dei økonomiske forholda i Noreg vorte slik at det faktisk var mogleg for mange: Ungdomsskule for alle, og lånekassa var på plass. Men på øya Bru i Rennesøy kommune i Ryfylke var ikkje det ein trend. Sørbø sine søsken som valde andre vegar var i klart fleirtal, i klassen hans på ungdomsskulen med omkring 30 elevar, var det berre fire-fem som tok gymnas og høgare utdanning.

Faren til Sørbø hadde ikkje same utgangspunkt og var aldri i posisjon til å kunne setje seg på skulebenken på den måten. «Tronge kår i Ryfylke», omtalar Sørbø heimområdet sitt med då hans foreldregenerasjon vaks opp. Faren var snikkar, og ikkje akademikar med professortittel og ei lang liste med utgitte bøker og artiklar som sonen vart. Likevel peiker Sørbø på faren når han blir spurt om kor lese- og skrivelysta kjem ifrå.

– Eg slektar på far. Han skreiv dagbok i 15 år frå 30- talet og fram til 50-talet. Han skreiv både morosamt og godt. Han lærte seg tysk og engelsk gjennom radiokurs, og var ivrig etter å tileigne seg ny kunnskap. Det er eg svært imponert over, seier Sørbø med klar røst.

Jan Inge Sørbø var den fjortande i rekka som har fått FoU-prisen ved Høgskulen i Volda. Les meir om prisen her.

Tittel med ansvar

Også farfaren var ein lesande mann. Han lånte bøker og var med i lesesirklar, dels fordi han ikkje hadde pengar til å kjøpe så mange bøker sjølv, trur Sørbø. Farfaren var småbrukar, eit vanleg yrke i Ryfylke som ikkje kasta stort av seg med pengar, og stod i stor kontrast til storbøndene i naboregionen Jæren. – Småbrukarane på 20-, 30- og 40- talet har eg stor respekt for. Dei var lutfattige, men fekk til mykje. Farfaren min hadde mykje meir respekt for akademisk kunnskap og det skrivne ord enn det ein har i dag, seier Sørbø og koplar det også saman med bedehusmiljøet familien var ein del av og respekten ein hadde for det som var skrive i Bibelen.

I 2001 vart Sørbø professor i litteraturvitskap – tre år før faren døydde. – Han syntest det var kjekt då eg fekk den tittelen. Det eg har fått arbeidd med var nok noko far også kunne ha tenkt seg å ha arbeidd med, sjølv om han var ein flink snikkar og treivst med det. Far hadde stor respekt for kunnskap, seier Sørbø, tenker seg litt om og held fram:

– Den dagen eg vart professor, sa far: «Det følger ansvar med ein sånn tittel.». I det la han at det er eit privilegium å vere professor, men det følger også med forpliktingar. Eg har kjent på begge deler, erkjenner Sørbø.

Slukte Ibsen som ungdom

Å vere privilegert var også ei kjensle Sørbø bar på i 1976 då han sette seg på båten til Bergen for å starte på universitetet. Bakteppet med ei farsslekt som gjerne skulle ha gjort det same i tidlegare generasjonar, men som måtte bli heime, var ei viktig drivkraft i desse kjenslene.

Eg var kjempelykkeleg då eg fekk reise til Bergen og begynne å studere. Eg hugsar det var stort.

Jan Inge Sørbø

Sørbø fann seg godt til rette på universitetet og tok hovudfag i litteraturvitskap i 1982. Litteratur og skriveferdigheiter hang saman og var ei stor interesse lenge før han nådde 20-åra. – Ambisjonen om å jobbe med litteratur, og helst skrive, kom tidleg. I alle fall på gymnaset og sikkert tidlegare. Eg fekk gode tilbakemeldingar på stilar og anna eg skreiv både i ungdomsskulen og på gymnaset.

Leselysten var det heller ingen ting i vegen med i barne- og ungdomsåra. For ein gut på hans alder bikka den over til det spesielle. – Eg leste alle Ibsens samtidsdrama før eg var ferdig på ungdomsskulen, humrar Sørbø på sitt lune vis.

Takkar journalistikken

Ønsket om å få leve av å skrive vart oppfylt rett etter studietida i Bergen då han på fulltid tok til som journalist i den kristne dagsavisa Dagen. Medan Sørbø tok hovudfag arbeidde han ein dag i veka i same avis, og han heldt fram med å skrive kulturstoff då avispennen vart hans daglege følgesvein.

– Eg fekk intervjue forfattarar og meldte bøker. Det fungerte som ein utdanningsinstitusjon for meg og var ein fin måte å kome inn i kulturlivet på, fortel Sørbø.

Journalistkarrieren ga han meir. Skrivetrening og tidspress – han er svært takksam for at pressa var hans arbeidsplass før akademikarkarriera skaut fart. – Skrivepraksisen har eg glede av framleis. I journalistikken er tempoet mykje høgare enn i den akademiske skrivinga. Eg har hatt stor nytte av å lære å tileigne meg stoff hurtig for så å ha ein kort tidsfrist å levere teksten innan. Det har hatt sitt å seie for at eg har skrive mykje etter at eg tok til ved Høgskulen i Volda (HVO), forklarar Sørbø som framleis skriv kommentarar i vekeavisa Dag og Tid med jamne mellomrom.

– Det er eg glad for å kunne gjere. Det er noko med tidsperspektivet. Når det er noko som opptek meg har eg sansen for å ha ein kanal som eg kan få uttrykt det raskt gjennom – då er avisa fin å ha. Då blir det noko heilt anna å måtte vente i eit år eller to til ein er ferdig med ein forskingsartikkel.

Usikre Volda

Tidleg i studietida trefte Sørbø kona si, Marie Nedregotten Sørbø, i dag professor i engelsk ved HVO. Då ho fekk tilbod om eit vikariat ved lærarskulen i Volda i 1989, fekk Jan Inge innvilga permisjon frå journaliststillinga si i Stavanger Aftenblad og familien på fem, som med tida vart til seks, gjorde sunnmøringar av seg. Han kom til Volda utan å vite kva han skulle fylle dagane med.

Det var usikkert om eg også kunne få meg arbeid. Vi hadde tross alt tre barn å forsørge og var spente på korleis situasjonen i Volda ville verte.

Jan Inge Sørbø

– Men heldigvis vart eg raskt hyra inn som vikar for Jostein Fet, som var i permisjon frå norskundervisning på DH (distriktshøgskulen i Volda), seier Sørbø.

Voldsom produksjon

I 1993 vart Sørbø fast tilsett og etter det har det gått slag i slag fram til Sørbø fredag 18. september 2019 vart overrekt FoU-prisen ved HVO av prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

I tildelinga av prisen vart det blant anna lagt vekt på hans store produksjon av vitskaplege bøker, med 15 bøker i perioden 1996-2018. Nokre av dei fagleg tyngste verka er «Nynorsk litteraturhistorie» (2018), «Frå bleike myr til Alveland» (Hans Garborg-biografi frå 2015), «Angen av bork og ein brennande einerbusk» (om Alfred Hauge sitt forfattarskap frå 2001) og «Skjervheim - ein intellektuell biografi» (biografien om hans Skjervheim frå 2002).

Dei 72 vitskaplege artiklane Sørbø har skrive i perioden 1994-2017 vart også vektlagt tungt. Tyngda av vitskaplege arbeid frå Sørbø er innanfor hans hovudfelt, litteraturvitskap, men har også brukt sin kompetanse til å skrive artiklar og drive forskingsarbeid om litteraturen og kunsten si rolle andsynes helse- og sosialprofesjonar. Sørbø har hatt sentrale roller i masterutdanninga i helse- og sosialfag ved HVO, og seinast ein viktig brikke i utviklinga av doktorgradsutdanninga i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde.

Lærte av faren sitt dødsleie

I 2008 skifta Sørbø beite og starta å undervise i sosialfag, ved der han framleis er tilsett, Institutt for sosialfag. – Det var ein stor overgang frå litteraturvitskapen og eg hadde ei bratt læringskurve, seier Sørbø.

Enda ein gang nemner han faren når karriereval- og retning kjem opp som tema. Før faren døydde fekk han slag og slutta å snakke. Sørbø var mykje hos faren sin den siste tida og forsøkte å ta vare på han. Dette skapte refleksjon: – Eg tok det innover meg det som skjedde med far. Eg lærte mykje. Det var smertefullt, men også lærefullt. Eg måtte skrive det ned, seier Sørbø og sikter til noko som vart til boka «Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt», utgitt i 2010.

Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø takka for FoU-prisen under opninga av Forskingdagane ved Høgskulen i Volda.

I omtalen av boka frå forlaget Samlaget, heiter det: «Jan Inge Sørbø bruker historia om den siste tida til sin eigen far for å reflektere over kva for eit ansvar vi har for å ta oss av gamle menneske som har mista talen og minnet, men ikkje menneskeverdet. Han bruker religion og filosofi som grunnlag for kloke betraktningar om sorgarbeid og kva foreldra våre betyr for oss når dei blir borte.»

Held tilbake om framtida

Sjølv om sosialfag i dag er hans fagfelt, held Sørbø framleis litteraturvitskapen varm. I 2018 kom storverket Nynorsk litteraturhistorie ut i hans namn. – Det var ei stor tillitserklæring å få lov å skrive den boka. Då eg fekk oppdraget var det litt nifst og eg var redd eg ikkje skulle få det til. Det vart to intense år, der eg hadde god hjelp i å ha lese mykje nynorsk litteratur gjennom livet.
Sørbø fekk permisjon frå HVO i to år for å berre konsentrere seg om denne boka. Han set pris på all forskingstid han har fått ved høgskulen og synest det er «kjekt å få FoU-prisen og fint at høgskulen påskjønner forsking». 

– Eg har hatt gode vilkår for å forske og skrive, og fått semester no og da som har vore lagt til rette for å ferdigstille bokprosjekt, også med ekstern finansiering. No sist var det når eg skreiv den nynorske litteraturhistoria. Den er eg glad eg er ferdig med nå. Det blei 30 foredrag om boka etter den kom ut også, fortel Sørbø.

Det siste heldt han heime på øya Bru. Tilbake til der alt starta. Der lesinga og litteraturen først ga han meining og glede. Der farfaren og faren hadde lest opp sine vegar før han.

Det var slutten på ein turné, men ikkje slutten på akademikarlivet, eller livet som svært skriveferdig for den del. Om det første vil ikkje Sørbø seie så mykje no når han er inne i sitt sekstifemte år, men at han skal halde fingrane vekke frå tastaturet er vanskeleg å sjå for seg.

– Eg veit ikkje kor lenge eg vil halde fram i jobben. Eg har mange idear om kva eg kan skrive. Enten som tilsett, eller pensjonist, eller kanskje ein mellomting, smiler han lurt i det karakteristiske skjegget sitt. 

Del på