Vellukka konferanse om vitskap og religion

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda var med å arrangere den internasjonale forskarkonferansen «Global Sustainability: Science and Religion in Dialogue» European Society for the Study of Science and Theology (ESSSAT) i Ålesund 4.- 8. mai. – Det vart nokre spennande og hektiske dagar, og vi er svært nøgde med arrangementet, seier professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

Om tilhøvet mellom vitskap og religion

Dette var den 19. konferansen ESSSAT har skipa til om tilhøvet mellom vitskap og religion. Årets konferanse skjedde i samarbeid med Høgskulen i Volda (HVO), Høgskulen i Molde og NTNU Ålesund. Professor Sæther kan fortelje at det kom over 140 forskarar frå hele verda til konferansen.

Knut-Willy Sæther
Professor Knut-Willy Sæther har i kraft av å vere vice-president i ESSSAT vore ansvarleg for konferansen i Ålesund.

– Vi fekk synleggjort dei akademiske miljøa i regionen. Samarbeidet mellom ESSSAT og representantane frå regionen fungerte veldig bra. Eg har hatt god hjelp av Medya Fenerci (NTNU Ålesund) og førstelektor Kristian Fuglseth ved PR, kommunikasjon og media ved HVO. I tillegg har også andre ved HVO vore involverte i førebuingane. Rektor Johan Roppen ved Høgskulen i Volda har vore ein god og tydeleg støttespelar heile vegen, seier Sæther som hadde ansvaret for konferansen i Ålesund.

Fagleg utbytte

Konferansen hadde topp internasjonale føredragshaldarar og det vart levert inn rundt 75 «short papers». Fleire forskarar frå vertsinstitusjonane i Møre og Romsdal tok også del.

– Eg meiner at konferansen gav deltakarane eit solid fagleg utbytte. I tillegg til det omfattande akademiske programmet, vart god tid til nettverksbygging og tid til å utforske Jugendbyen Ålesund og den naturvakre regionen rundt. Det vart også arrangert ei økumenisk gudsteneste der blant andre biskop Ingeborg Midttømme og erkebiskop Antje Jackelén tok del.

Berekraft
Berekraftsdialog: Professor Knut-Willy Sæther, erkebiskop Antje Jackelén, professor Dirk Evers fra Tyskland og NTNU-rektor Annik Mageholm Fet. Foto: Jens Standal Groven.

Nettverk

– Noko av det viktigaste med slike konferansar er «spin-offs» i etterkant. Det kan vere nye nettverk og publikasjonar. ESSSAT skal gi ut to publikasjonar frå konferansen, den eine på Springer Nature. Ei av forskargruppene ved HVO, «Nature, aesthetics ad ethics», arrangerte eit symposium i forlenginga av konferansen den 8.- 9. mai med forskarkollager frå Frankrike, USA, Sverige, Estland og Tyskland.

Del på