Vellukka symposium om skriftkultur

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har lange tradisjonar for skriftkulturstudiar med utgangspunkt i den nynorske skriftkulturen, og i førre veke var Forskargruppe for nynorsk skriftkultur vertskap for eit symposium med fokus på skriftkulturomgrepet.

– Utgangspunktet vårt var at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkultur-studiane står i ei brytingstid. Siktemålet med symposiet var å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt, og å kaste lys over omgrepet skriftkultur, seier forskargruppeleiar og førsteamanuensis Stig Jarle Helset ved Institutt for språk og litteratur.

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur hadde invitert åtte foredragshaldarar til symposiet.

Symposium skriftkultur
Nokre av dei som tok del.

– Vi hadde jamt over godt med tilhøyrarar og vi hadde gode faglege ordskifte etter kvart innlegg, seier Helset. Det vart også tid til ein fjelltur i dei flotte Sunnmørsalpane og besøk til Dei Nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet.

Ny vitskapleg skriftserie

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har som mål å vere tverrfagleg, femne om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, og vere open og inkluderande for alle som er interesserte i forsking på skriftkultur – samstundes som gruppa har eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen. Forskargruppa er forankra i Høgskulen i Volda, men er open for forskarar frå andre institusjonar. Internasjonale perspektiv er velkomne.

– Forskargruppa under fagleg leiinga av professor Endre Brunstad (Universitetet i Bergen og professor II ved Høgskulen i Volda) vil styrke forskinga som er knytt til skriftkultur. Eit anna mål vi har sett oss føre er å etablere ein vitskapleg skriftserie kalla SKRIFTKULTUR, som skal kome ut med eitt nummer per år. Vi har nettopp landa ein avtale med Cappelen Damm Akademisk om å gje ut ein slik publikasjon i «Fri tilgang-formatet». Cappelen Damm Akademisk er eit nivå 1-godkjent forlag, og vi stiller med to hovudredaktørar og eit redaksjonsråd, seier førsteamanuensis Helset.

Til det første nummeret vil forskargruppa invitere foredragshaldarane på symposiet i Volda til å skrive vitskaplege artiklar basert på innlegga dei hadde.

– Alle artiklane vil bli fagfellevurdert før dei blir publiserte, seie Helset.

 

Stig J. Helset.
Førsteamanuensis Stig J. Helset.

Strategisk

I strategiplanen til Høgskulen i Volda (HVO) står det at HVO i samarbeid med mellom andre Universitetet i Bergen, Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa skal ta eit særleg ansvar for forsking på nynorsk språk og litteratur og sikre nynorsk som fagspråk.

– Eg har inntrykk av at mange ser til Volda når det gjeld skriftkultur generelt og nynorsk skriftkultur spesielt. Skriftserien SKRIFTKULTUR vil styrke posisjonen vår på dette fagfeltet, og vi er glade for å ha fått økonomisk støtte frå HVO sentralt til denne satsinga.

Førsteamanuensis Stig Jarle Helset meiner at skriftserien vil auke sjansen for at fagtilsette ved HVO kan publisere vitskapleg.

 

Les om Mastergrad i nynorsk skriftkultur

 

 

Del på