Voldastudentar vitja Ålesund Future Lab

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

FN har sett berekraftig byutvikling på dagsordenen gjennom programmet United 4 Smart Sustainable Cities (U4SSC). Stikkord er berekraft, innovasjon og samskaping. Nye Ålesund kommune er med i programmet og har saman med ei rekkje partnerar etablert Ålesund Future Lab i Norsk Maritim kompetansesenter. Torsdag var ei gruppe studentar frå Institutt for planlegging, administrasjon og skulefag på besøk.

Innovasjon og berekraft

I følgje FN og U4SSC er ein smart og berekraftig by ein innovativ by som nyttar informasjonsteknologi og andre verkemiddel for å skape betre livskvalitet, smartare og meir effektive tenester og auka konkurransekraft.

Målet for studieturen var mellom anna å få ei innføring i U4SSC sine mål og strategiar og eit innblikk i korleis Nye Ålesund kommune, saman med ei rekkje lokale samarbeidspartnerar, arbeider for å nå desse måla i Ålesund Future Lab.

Samarbeid og nye utfordringar for planleggarar i offentleg sektor

Helge Veum, dagleg leiar for Ålesund Future Lab, understreka fleire gongar at samarbeid mellom privat næringsliv, det offentlege, finansinstitusjonar, forskingsinstitusjonar og akademia var ein føresetnad for å lukkast. Rolla til offentleg sektor endrar seg frå regulerande styring til kompleks og integrert problemløysing i samarbeid med andre.

Helge Veum er dagleg leiar for Ålesund Future Lab.

Høgteknologisk næringslivsklynge

Ålesund Future Lab er lokalisert i Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). NMK er ei høgteknologisk næringslivsklynge som ligg like ved NTNU Ålesund og er ein del av Campus Ålesund.

Kaj Westre er leiar for Norsk Maritimt Kompetansesenter.

Simulator i byplanlegging

Studentane fekk også eit innblikk i korleis avansert teknologi kan hjelpe byplanleggarar med å finne betre og smartare løysingar på dei mange utfordringane dei står overfor. Studentane fekk omvising i Offshore Simulator Centre (OSC) sin store simulator som blir brukt av Ålesund Future Lab. Ved å legge inn ulike data kan simulatoren lage realistisk virtual reallity som gir eit framifrå planleggingsgrunnlag.  

 

Bachelor- og masterstudentar

Voldastudentane, som saman med fagfolka professor Nathalie Homlong, rådgjevar Bjørn Gunnar Tafjord, førsteamanuensis Bjarte Folkestad, førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen og høgskulelektor Gro Anita Bårdseth, fekk oppleve denne spennande studieturen, er bachelor- og masterstudentar knytt til IPA 202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling, IPA 213 The European Union  and Regional Development: Theories and practice og IPA 173 Innføring I arealplanlegging og GIS.

 

Del på