550 barnehagefolk drøfta respekt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

«Respekt!» stod øvst på dagsorden når 550 barnehagefolk frå heile fylket var samla til konferanse i Ålesund torsdag og fredag.

– Vi har 294 barnehagar med rundt 14 000 barn i Møre og Romsdal. Alle desse barna skal bli møtt med respekt, seier den nye Rammeplanen for barnehagen. Kva betyr det? Korleis gjer vi det? Det er dette vi skal diskutere i to dagar no, sa seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Maren Ørjasæter Aaland ved opninga av Barnehagekonferansen 2017 i Ålesund torsdag.

Høyr Maren Ørjasæter Aaland snakke om konferasen i NRK radio her (programpost 19).

«Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt» heiter det i paragraf 1 i barnehageloven. Kva vil det seie? Korleis gjer ein det i praksis?

Dette er nokre av spørsmåla som blir drøfta under den 15. utgåva av barnehagekonferansen i Ålesund desse dagane. Bak konferansen står Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet.

– Eg er imponert over både deltakinga, engasjementet og arrangementet, sa rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, ved opninga av konferansen.

Maren Ørjasæter Aaland og Johann Roppen
Maren Ørjasæter Aaland, Seniorrådgivar ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda var først ut under barnehagekonferansen torsdag.

– Dette er utan tvil det største arrangementet som Høgskulen i Volda er involvert i. Med 550 deltakarar stangar vi i taket når det gjeld konferansekapasitet, så dette er også ein av dei største konferansane i Møre og Romsdal. Og faktisk er dette også ein av dei største barnehagekonferansar i heile landet. Så kvifor vel Høgskolen å vere med på eit slikt arrangement? Eg trur både utdanning og forsking blir betre av at dei som arbeider med barnehagelærarutdanning – som lærarar og forskarar – faktisk møter dei som arbeider i og med barnehagar. Og omvendt, sa Roppen.

Her kan du lese heile opningshelsinga til Johann Roppen.

Respekt for kvile

Ein av bidragsytarane torsdag var Bente Ulla, førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold, opprinneleg frå Ulsteinvik. Ho retta merksemda mot dei minste barna i barnehagen og deira behov for søvn og kvile. «Kvila sine kår; respekt i møte med dei sovande småbarna» var tittelen på foredraget.

– Dei yngste barna må kvile seg, minst ein gong i løpet av ein lang barnehagedag. Korleis møter vi dette behovet med respekt?, spurte Ulla.

Bente Ulla
Bente Ulla var oppteken av rett til kvile og kva det betyr for barn i barnehagen.

– Både barnehageloven og FNs barnekonvensjon slår faktisk fast at barn har rett til kvile. Legg vi opp dagen i barnehagen slik at dei får dekt dette behovet? Og får de rammevilkår som gjer det mogleg, med nok folk, nok rom og passe store grupper?, stilte Ulla spørsmål om.

Klima for respekt?

Pål Roland, dosent ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking ved Universitetet i Stavanger, var invitert til å snakke om korleis skape eit klima av respekt i barnehagen.

Pål Roland
Pål Roland snakka varmt om å bygge kapasitet i barnehagane for å oppnå suksess, og peika på dei tre begrepa kompetanse, motivasjon og verdi for å få til det.

– Respekt er ein av verdiane i rammeplanen for barnehagen. Om ein skal greie å iverksette det som ligg i dei ulike omgrepa i rammeplanen, må ein bryte dei ned. Vi må konkretisere dei. Kva betyr dette for meg i min barnehage? Det er noko de må gå tilbake til barnehagen og jobbe med, var beskjeden frå Pål Roland.

Barnehagekonferansen held fram fredag, med innlegg mellom anna frå Margreth Olin, som har laga film om barndom.

6-års krisa

20 år er gått sidan Reform 97 vart innført, og ein skulle gå 10 år i grunnskulen og begynne på skulen når ein var 6 og ikkje 7 år. Dokumentarfilmskapar Margreth Olin la under Barnehagekonferansen fredag ikkje skjul på kva ho meiner om reforma som har fått strykkarakter av fleire forskarar.

– Det viser seg at barna ikkje lærer meir etter reforma vart innført og ikkje har ein klart å utjamne dei sosiale forskjellane, som også var eit mål, heller. Barn har behov for leik og den vert tatt frå dei for tidleg, meiner Olin.

Ho er spesielt oppteken av seksåringane, som ho meiner høyrer heime i barnehagen og ikkje skulen. Det har ho også prøvd å fatt fram i filmen ”Barndom” som hadde premiere i mars, der ho har følgt barn i ein barnehage på Nesodden gjennom eitt år.

Margreth Olin

– I aldersblanda grupper ser ein at seksåringar hjelper dei yngre barna og vert beundra av dei, noko som skapar god sjølvkjensle hos seksåringane. Det skjer spesielt mye med barn når dei er seks år, dei vil mellom anna sitte på fanget til vaksne, i motsetnad til dei som er tre og fire år.

Olin er opptatt av at ein gjennom leik tilarbeider tankar og kjensler, vennskap, språk og at kvar enkelt har moglegheit til å vise seg fram i leiken.

Treng rettleiing, ikkje skjenn

Sjansen er høg for at alle dei barnehagetilsette i salen kjende seg godt igjen i situasjonane Tove Flack med stor innleving presenterte frå scena fredag. Universitetslektoren frå Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking ved Universitetet i Stavanger, tok tilhøyrarane med inn i situasjonar med dei som ofte blir kalla problembarn i barnehagen.

Ho kom med råd til korleis ein skal kommunisere til barna og korleis dei vaksne skal kommunisere seg i mellom om desse barna.

Tove Flack

– Det er ein treningssak å sjå kva barna kan og ikkje kan. Barn som ikkje fungerer like godt i leiken med andre barn må få rettleiing slik at dei også dei får brukt sine sterke sider. Om ein som tilsett i barnehagen legg vekk forforståing og er bevisst på korleis eigne erfaringar påverkar tolkingane og handlingsposisjonen sin, har ein kome langt på veg, sa Flack før ho ba dei barnehagetilsette om å sette seg mål:

– Det handlar om å sjå seg sjølv og barnet og dei som har behov for spesifikk guiding. Ein må lage mål for kommunikasjonen til og om barnet som er det til det beste for barnet.

Del på