56 unge kunstnarar viste seg fram

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Det var 56 stolte elevar som feira utstillingsopning og syner fram kunsten sin utanfor verkstadane til kunst og handverk ved Høgskulen i Volda.

I eit kunstprogram Seanse – senter for kunstproduksjon, ved Høgskulen i Volda har utvikla for 4. trinn ved Øyra skule har elevane fått lære mykje om å byggje opp ein biletkomposisjon, blande fargar frå primærfargar, teikna med kolstift, måla himmel med fargeperspektiv i tillegg ein heil del andre ting dei har vore igjennom i løpet av tre veker. Øyra skule vil etter kvart få på plass eigne utstillingsløysingar der elevane kan få lage utstillingar meir på fast basis, som ein del av opplæringa i kunst og handverksfaget.

Gode støttespelarar

I motsetning til meir tradisjonelle Kultursekk-produksjonar, der kunstnarar reiser på turné rundt til ulike skular og gjerne er innom på kortare besøk, er hovudtanken bak eit kunstprogram at elevar, i tillegg til å møte kunst, også sjølve skal få lære seg nye ferdigheiter frå «eksperten».

– Når ein som ein enkeltperson eller kunstnar kjem inn i skulen for å gjennomføre eit kunstprogram stillast det krav til at lærarane involverte i kunstprogrammet kjenner innhaldet godt og helst har vore med i prosessen med å utvikle det. Dette var kanskje den viktigaste erfaringa å ta med seg ifrå vekene i 4.trinn ved Øyra skule, å teste ut korleis det ville fungere å gjennomføre eit slikt kunstprogram med 56 elevar fordelt på to ulike klasserom, der ein samarbeida tett med lærarane, seier kunstnarisk og administrativ rådgivar ved Seanse, Rita Slotterøy, som er ansvarleg for kunstprogrammet.

– Dette hadde ikkje vore muleg i så stort omfang utan det gode partnarskapet med lærarar frå Øyra skule. I tillegg har det vore studentar i praksis frå Høgskulen i Volda inne i klassa, saman med eit par assistentar. Dyktige medspelarar og godt samarbeid er nøkkelen til suksess i slike kunstprogram. Noko som i denne samanhengen har ført til det gode resultatet som utstillinga er ein del av, held Slotterøy fram.

Seanse-prosjekt

Fleire inn i skulen

Seanse har arbeida med kunstnarar i kreative partnarskap sidan 2009, og fikk 1 million kroner frå UDIR til Teaching Artists Norge i 2011-12. Den fyrste konferansen ‘International teaching artist conference’ (ITAC) vart gjennomført i Oslo. Etter dette vart ITAC 2nd og 3rd gjennomført i Brisbane Australia (2014) og i Skottland (2016), og i september 2018 skal den fjerde ITAC- konferansen haldast i New York http://www.itac-conference.com/.

Gjennom satsinga på Teaching Artist, på norsk kalla kunstnarlærar, har Seanse vidare gjennomført ein nasjonal pilot (2015/16), der ti ulike kunstnarar gjennomførte fem ulike kunstprogram i skular rundt om i Norge. Utifrå erfaringane ifrå denne piloten jobbar Seanse vidare med å finne ei form på nye kunstprogram, som kan fungere ute i skulen.

Ein kunstnarlærar er ein kunstnar som går inn i eit langvarig samarbeid med ein institusjon, det kan vere skulen, sjukehus, fengsel, aldersheim eller liknande.

– Det langsiktige målet for Seanse er å kunne få fleire kunstnarar til å inngå i partnarskap med skular og at dette etter kvart vil kunne bli finansiert av mellom anna Den Kulturelle Skulesekk- (DKS) ordninga. Kulturtanken, som er det administrative organet for DKS arrangerte nyleg ei konferanse om Kunst og utdanning med fokus nettopp på Teaching Artists og kunstnarar i partnarskap med skulen, der Seanse òg var med og bidrog, seier Slotterøy.

Seanse tilbyr emnet Teaching Artist/Kunstnerlærer. Dette emnet har tidlegare blitt gjennomført i 2012-13, 2014, 2016 og blir tilbudd for fjerde gong hausten 2018.

Del på